AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
12.23 Toddasmøssdagen

 

23. desember

Litle jolaftan var ein kyrkjeleg merkedag. Dette var dødsdag og minnedag for biskop Þórlákr helgi Þórhalsson (1133-1193) som var biskop i Skålholt på Island. Den islandske biskopen var kjent som ein from kristen og ivrig i å reformera og sjølvstendiggjera kyrkja. Han blei teken til helgen på det islandske Alltinget i 1098, berre fem år etter han døydde. Dette var før paveleg godkjenning, sælekåring og heilagkåring. Þórlákr kom utanom Island òg til å bli dyrka på Vestlandet (irekna Agder) og i Nord-Noreg. Þórlákr blei fyrst paveleg godkjent i 1984 og utnemnd til islandsk vernehelgen.

 

I den folkelege, etterreformatoriske tradisjonen har Þórlákr eller Tollak (Toddag) som er den norske forma av namnet, meir blitt ein merkedagsfigur knytt til inngangen til jolehøgtida. ”Toddasmøssdagen” var dagen før jolekvelden, og om morgonen denne dagen kappast borna om å få sagt dette verset: ”Toddag spole, / not og dag te jole.”

SAM

Kjelder:

Brynjulf Alver. Dag og merke. Oslo 1970

Johan Jerstad: Fjotland. Sogebok. Fjotland 1949

www.katolsk.no, 19.7.2008

- Antall besøkende: 1051677 - Online: 28 - Sist oppdatert: 25.06.2019 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart