AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
Brudle i Fjotland

Agder og grensebygder i Rogaland og Telemark er einaste stader i landet vi finn brudle. Brudle (eller brudled) er rekkjer av steinar lagt etter kvarandre. Steinane ligg oftast på flate berg langs gamle ferdselsvegar.

Ordet brudle tyder brudefylgje. Den vanlegaste tolkinga av brudlea er at steinane er lagt ned av brudefylgje som var på veg til eit bryllup. Ofte kunne det vera bryllup der brudeparet var frå kvar si bygd eller var på veg til ei kyrkje i ei anna bygd. Vi finn brudlea oftast på eit høgt punkt langs ein heieovergang eller på eit berg på heia der ein ser ned i dalen. Svært ofte er det vatn nær eller utsikt til vatn. Mange brudle ligg aust-vest med utsyn mot aust.

Det er kjent at brudle er lagt ned frå 1600-talet til 1930-åra.

 

Om brudle.

Talet på steinar i brudlea varierar. Ein har funne brudle med frå 6-7 steinar til over 70. Mange brudle har to større steinar i eine enden, desse skal då symbolisera brud og brudgom og resten av steinane er lagt av dei andre i brudefylgjet. Høge eller spisse steinar sett på høgkant blir ofte tolka som ”piggsteinar”. Både brudle og piggsteinar kan ha hatt ein kultisk funksjon, knytt til fruktbarheit.

Det er fleire som har interessert seg for brudle. I 1970-80 åra samla Harald Polden informasjon om brudle frå Agder og Rogaland. Seinare har Torfinn Hageland og Oddmund Mogstad sjekka desse opplysningane og funne fleire brudle.

Torfinn Hageland skriv at verdens største samling av brudle ligg mellom Salmeli og Josdal på 780 moh. Det er heile elleve brudle med frå 12 til 73 steinar. Staden ligg i Sirdal kommune og denne kommunen har mange brudle. Ei kone på Salmeli kunne ramsa opp namna på mange av brudepara som hadde lagt brudle mellom Salmeli og Josdal, men ingen skreiv det opp.

 

Brudle i Fjotland

I gamle Kvinesdal og Feda kommunar er det ikkje registrert brudle. Vi må til Fjotland for å sjå brudle og der har Harald Polden nemnt tre stader. Alle ligg på heia mot Sirdal.

 

 

 

Homstølrindan

På vegen Homstøl-Josdal skulle vera tre brudle.  Harald Polden skreiv det ligg eitt med 65 steinar mellom Skrøylevatn og Leidesvatn. Eitt ligg ved Leitesvatn og har 52 steinar og det tredje ligg på Homstølrindan og har 44 steinar.

Alle tre brudlea ligg på same ryggen på Homstølrindan, aust-vest. Talet på steinar stemmer med Polden. I 2003 fann vi at det med 44 steinar låg lengst vest, så det med 52 og lengst aust det med 65. Alle var veldig flotte og såg urørte ut. Det var rundt 50 m mellom brudlea, og ikkje langt frå grensa til Sirdal.

Etter Sigbjørn Risnes med gode folk har merka den gamle stien mellom Homstøl og Josdal, fann dei ut at det er eit brudle til i rekkja i tillegg til eitt som er litt ”rotete”. Det er god tydeleg sti frå vegen ovanfor Homstøl opp i heia og vestover.

 

 

 

Brudle ved Lindefjell Hisvatnet.

På vegen mellom Gunstensli og Øksendal har Harald Polden notert at det var to parallelle brudle med ein piggstein i enden på kvar av dei. Segna sa at det eine brudleet blei lagt av brudgomsfolka som kom frå Guddal, og det andre av brudfolket.

Dei to parallelle brudlea ligg aust-vest og skrår svakt nedover mot vest. Det er om lag ein meter mellom, det største ligg lengst sør. Dette har ein ca halvannan meter høg stein (piggstein?) mot aust, så 13 steinar (størrelse mannslyft) og så ein stor rund stein som ser ut til å ha lege her frå før.

Det andre brudleet har ein ca halvmeter høg stein mot aust, så 15 steinar av ulik storleik, nokre er små og dekka av mose. Enkelte lause stein ligg nedanfor.

Det står ei hytte ca 150 meter mot nordvest. Frå hytta er begge piggsteinane synlege mot synsranda. Ikkje langt frå er det eit vad over Djubalaget, den smale kilen av vatnet nord for hytta. Vidare kunne ein truleg gå både til Øksendal og til Listøl i Sirdal. Så det er rimeleg at det kan ha gått brudefylgjer her.

 

 

 

Brudle på Lindefjell.

Polden skreiv at eit brudle skulle ligga på Smørberget på vegen Lindefjell til Øksendal. Det skulle også ligga fleire brudle her på austsida av Ålborvatnet.

Her var det litt vanskeleg å finna staden. Smørberget er i fylgje Sigurd Lindefjell og Ola Tobias Lindefjell lenger nede, ein kvileplass på heievegen. Kartreferansene stemmer med fjellryggen på toppen av heievegen akkurat der ein ser Ålborvatnet og både ser ned til dalen og innover heia mot Sirdal.

Av brudleet er det lite å finna. På toppen ser det ut som det kan vera restar av eit brudle, men mange stein manglar. Ein liten varde kan godt vera laga av stein frå brudleet. Vestover er bratt ned til Ålborvatnet.

 

Fleire brudle?

Dette er dei brudlea som er kjent i Kvinesdal, alle ligg i Fjotland. Det har heilt sikkert vore fleire. Mange er nok øydelagde av folk som ikkje har kjent til kva det var. Alle veit kor moro det kan vera å flytta på steinar, byggja vardar eller velta stein. Det er viktig at vi som kjenner til slike kulturminne kan fortelja om dei slik at dei kan bli ståande.

Det er sikkert brudle som er gløymt og ikkje oppdaga på nytt. Så når vi er på tur i heia, så kan det vera moro å sjå etter steinar som er plasserte av menneske.

Viktigste kjelder:

Oddmund Mogstad:”16 steinar stend i rad” Brudled og pikksteinar. Agder Historielag årsskrift nr. 78, 2002

Torfinn Hageland: ”Gamle veger i Vest-Agder”,2000
Torfinn Hageland: ”Heieliv i Hekkfjeddet”,1989

 

Av Anne-Berit Erfjord

- Antall besøkende: 1043569 - Online: 28 - Sist oppdatert: 25.06.2019 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart