AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
Tron og Besse: tøffing og helgen i fjotlandsk bygdesoge

 Kva ein ein helt? I følgje Nynorskordboka er det ein person som har vunne gjetord for stort mot eller store bragder, eller ei kjempe. Folk skaper heltar. Dei som er blitt heltar er gjerne ogso dei som har sett spor etter seg i folkeminnet. Helten gjorde inntrykk på bygdefolket elles. Helten gjorde noko og var noko utanom det vanlege. Desse personane levde ikkje A4-liv. Dei gjekk eigne vegar. Dei kunne stå fram som føredøme for andre. Dei var menneske som peikte seg ut og steig ut av gruppa, men likevel ein som folk såg på som ein av sine eigne, menneske som levde etter verdiar som mange kunne slutta seg til i ord og tanke, men som for folk flest ofte ikkje var so lett å omsetja i levd liv.

Helten viser fram eit ideal, ein som ber fram eller representerer verdiar som er sett på som viktige og verdifulle i eit samfunn. Dette kan ein ofte lesa av etter den statusen personen har fenge i samtid og ettertid.

Mange namngjevne personar har i manns minne og i den eldre folketradisjonen blitt ståande for ettertida. Gjennom brokkar og småforteljingar har livet til avlidne menneske blitt fortalt vidare til nye generasjonar og fenge seg eit liv mellom segn og soge, mellom det som er rein dikting og det som kan dokumenterast.

I dag vil eg halda fram to figurar i den fjotlandske forteljartradisjonen som mange framleis kanskje har eit forhold til. Det er difor ein fare for at stoffet er velkjent, men det er sikkert òg mange som ikkje kjenner desse personane so godt, og kanskje kan det vera gode grunnar til å halda oppe forteljingane om dei.

Den første eg vil nemna, er Tron Hoskuldson Kvinlaug. Tron er kanskje den mest namngjetne fjotlendingen som har levt. Han var ein uvørden, slagkraftig fjotlandsk bygdehelt som blei opphav til mange segner.

Noko av livet hans kan m.a. dokumenterast ut frå gamle rettsreferat frå 1600-talet. Tron Hoskuldson var fødd i 1588 og døydde truleg noko etter 1670. Tron skal etter segna vera den fyrste som blei gravlagt på kyrkjegarden ved Fjotland kyrkje som stod ferdig 1670.

Tron Hoskuldson budde på Nedre Kvinlaug i Fjotland, åtte heile garden åleine og gjekk for å vera særs rik. Husa han hadde på garden var store og bygt med grovt og stort tømmer. Langbordet hans var gjort av ein einaste alvedplank, og det var so langt at ein måtte kappa av det for å få plass i andre hus seinare, for det fanst ikkje so rommelege hus som Tron sine etter hans tid. Bordet skal etter det eg kjenner til framleis vera til. Stoplebua hans (loftet) var vidspurt. Det var av altømmer, og i staden for mose mellom stokkelaga hadde han raudt kledestoff som hang tri fingersbreiddar ned ved alle omfar.

I Trons tid skifte garden i sør med Røynestad i Kvinesdal. Ein gong grannen, Knud Røynestad, var på vitjing, bar han ein hatt som Tron tykte var so omframt gild. Denne ville han gjerne kjøpa, men det ville ikkje røynestadmannen gå med på, men han flidde Tron hatten og sa han skulle få han. Dette takka Tron for og sa at dette skulle ikkje røynestadmannen ha gjort for inkje. So då grannen noko seinare kom til Tron for å kjøpa tømmer til nye setehus og uthus på Røynestad, sa Tron han kunne ta det han trengte til bygginga si, og det skulle ikkje kosta han noko – det skulle han ha for hatten han hadde fenge.

Tron Hoskuldson for mykje på handel med spøt og hestar. Han gjorde oppkjøp på Vestlandet og selde austover mot Telemark. Ein gong var han til Heskestad og handla hestar med ein Gudmund han kjende frå før. Dei fastsette ikkje betalingstid, og då han kjøpte opp fleire hestar i same bygda, avtala Tron berre dei skulle få pengar når Gudmund fekk. Men tida gjekk og ingen høyrde frå Tron Hoskuldson. Heskestadbuane for til Fjotland for å krevja Tron for pengane han var skuldig. Nesten framme ved Kvinlaug avtala dei at Gudmund først skulle gå ned til Kvinlaug-garden åleine. Motviljug gjekk Gudmund inn i stova til Tron. Tron stod bryna på ein kniv, Gudmund blei redd og ville leggja på sprang, men Tron tok han att og baud han god mat og drykk og betalte han so alt det han skulda heskestadbuen. Gudmund fortalde om dei andre i følgjet. Då sa Tron: ”Du tar kje vera redd’e om æg skyde ette dæg når du gjeng’e. Det e’ ein skikk æg he når æg vil æra folk”. Han skaut med lauskrut etter Gudmund som sprang frå garden, og dei andre som låg og venta, strauk frå Fjotland det snaraste dei kunne. Men sidan skal Tron ha sendt pengar til dei òg.

Ein annan gong skal Tron ha vore matlaus, og han la i veg til Flekkefjord for å handla, men hadde ikkje pengar eller bytevarar med seg. Han kom i tale med ein skippar på ei kornjakt. Tron tok til å leggja ut om kor god skyttar han var. Det blei til slutt gjort veddemål om at Tron skulle greia å treffa vimpelen på skuta sjølv om han stod heilt borte på Sundesida. Skipparen vedda 5 tønner rug og Tron 5 dalar imot. Tron trefte midt i vimpelen. Skipparen blei sint og ville vedda ein gong til. Det var Tron med på, men denne gongen skaut Tron med laust krut og sa til skipparen: ”Dyredø, hol i hol!” Og skipparen trudde han, seier segna.

Når Tron reiste i bryllaup, likferd eller gjestebod, seier folk han alltid hadde med seg stridsøksa si. Ein gong han og kjerringa var på veg til eit bryllaup, steig han av hesten ved Ånebreune over Kvinlaugsevjå og ville kasta kona si på åna. Dei må vel ha vore usamde om noko. Men ho bad han spara henne, so skulle han aldri sjå henne att. Og ho fekk reisa sin veg. Dei fortel at Tron blei verre slåstkjempe og drikkar etter dette. Då han nokre år seinare var på ferd heilt til Rauland i Telemark, kanskje det var på handelsferd, møtte han att kona i eit hus på Kråmtveit der ho var gift på ny. Tron var redd kona skulle sladra på han so den nye mannen hennar ville drepa han, men det gjekk godt. Han fekk husrom for natta, og dagen etter då han skulle dra, stakk kona til han ein femdalar og nista han ut so drusteleg. Det blir fortalt at Tron alltid seinare kjende det vondt når han tenkte på kona si som var komen til Rauland. Kjelder i Telemark stadfester langt på veg denne segna med denne kvinna som kom vestanfrå.

Tron blir framstilt som modig. Han var kanskje den første fjotlendingen som la ut på ein ekspedisjon. Futen Tostrup skreiv i 1743 om Tron som saman med ein mann til og hest for eit par mannsaldrar sidan hadde lagt innover heiane for å finna ut kor langt heieområdet nord for bygdene våre var. Han måte snu etter 6 dagar pga snøsmeltinga. Men dette kan gje oss ein peikar på kva slags vitehug og mot som følgde med Tron Hoskuldson og som skin gjennom i folkeminnet.

Mot slutten av livet gjekk det til atters med Tron. Han levde kanskje over evne? Han sette garden i pant, og garden blei delt opp med brukarar som ikkje høyrde til slekta. Ingen av borna overtok farsgarden, heiter det i segnene, men det ser ut til at ei dotter nytta åseteretten og sat på Kvinlaug den neste generasjonen. Etterkomarane hans kom elles til Spikkeland og Risøyne som til då hadde vore utkantar av den ein gong so svære garden.

Tron Hoskuldson var ein uvørden kar. Det vitnar både folkeminnet og historiske kjelder om. I følgje historiene om Tron seiest det at han blei dømt for drap heile tri gonger og måtte løysa freden ved å betala bøter til konge og dei krenkte sine familiar. Historiske dokument stadfester at han iallfall drap éin mann og løyste freden for det med bøter. I tillegg er det kjent frå sakefallslistene i lensrekneskapane at han var bøtelagd for fleire valdsepisodar, m.a. overfall på ein lensmann i 1613, og at han sjølv ulovleg har pågripe tvo personar. I 1672 fekk Tron 12 riksdaler i bot for å hatt samleie med Barbro Sigbjørnsdotter Helle og 1 riksdaler og 2 ort for å ha bite Olav Olson Fjotland. So finn me at Tron var mellom dei bøndene som aktivt opponerte mot skattetrykk og herteneste. Ikkje berre Tron var innbalnda i valdsepisodar. Sonen hans, Atlak, skal ha endt livet i eit slagsmål på Haddeland i Eiken.

Drap som blei bøtelagde, var ofte drap i sjølvforsvar eller drap i vanvare, ofte med bakgrunn i krangel og ordhoggeri som blei oppfatta som ærekrenking eller trugsmål. Dette var ofte det ein kan kalla vald mellom likemenn. Valdssaker var på ein heilt annan måte knytt til såra ærekjensle – til forskjell frå t.d. tjuveri som var sett på som simpelt og ærelaust og ofte med vel so streng straff som mange valds- og drapssaker. Oftast var øl og drykk ein viktig medverkande valds- og drapsårsak på denne tida. Det er òg typisk at det er jamt over  ressurssterke menneske som figurerer som drapsmenn i drapsstatisktikkane på 1500-talet og eit godt stykke inn på 1600-talet. Kanskje ser ein her siste rest av vikingtidas mentalitet: Det kunne faktisk gje mannen status å vera brutal eller å ha liv på samvitet. Det vitna om manndom og å vera i stand til å redda æra. Og det er vel ikkje til å stikka under ein stol at brorparten av drapa på denne tida faktisk fann stad i Telemark og på Agder, eit område av landet med høg del av sjølveigande bønder, og kan henda var det der ein var herre i eige hus at ein tydde til vald for å sikra heimeretten, ein valdsbruk som etter kvart var blitt tydeleg kriminalisert av statsmakta.

Legitim valdsbruk knytt til æresforsvar i Tron Hoskuldson si samtid kunne nok vera ein årsak som gav framtoninga hans appell hjå bygdefolket. Han var ein vågesam mann som tydeleg sa frå om høgt skattepress og pålegg frå ivrige embetsmenn, forsvarte æra – ein mann med integritet etter tidas syn. Slik oppnådde han statusen som bygdehelt mellom folk. Og truleg følgde glansen av ein mann som viste kva han stod for, med til ettertida – men kanskje med ein skrekkblanda fryd i det totale biletet som sogene gav av Tron.

Tron Hoskuldson Kvinlaug er altso ein historisk person, men me må gå ut frå at mykje er lagt til av det som blir fortalt om han – ikkje minst fleire tydelege vandresegner eg ikkje har teke med her i dag som ogso inneheld møte med underjordiske osb. Ogso fleire andre historier om Tron som eg ikkje har nemnt her i dag er elles opplysningar som historisk kan knytast til generasjonen før og etter han, men plassen han har fenge i folkeminnet, har ført til at han har teke opp i seg og blitt opphavsmannen til meir enn det han sjølv gjorde i eige liv. So langt Tron Hoskuldson.

Om Tron Hoskuldson er ein figur som er blitt til i møte mellom segn og soge, er den andre personen eg vil nemna i dag iallfall meir segnomsust enn han er ein dokumentert historisk person. Besse i Knaben er ein som dei historiske kjeldene teier heilt om, men som folkeminnet har talrike soger om.

Professor Ludvig L Daae som vaks opp i Kvinesdal på 1840-talet, fortel om Besse i boka Norges helgener (1879) på denne måten:

”I Fjotlands Sogn (…) fortælles om Besse paa Knaben. Ogsaa han kunde hænge sine Vanter paa Sol-skin, ligesom Hellig-Anders i Slagelse. En Gang hændte det dog, at dette slog ham feil, men han erindrede saa, at han samme Dag havde glemt at tage op et Bygax, der laa i Veien, og da han havde gjort dette godt igjen, lod Vanten sig atter hænge paa Solskinnet.”

Her skjønar me med ein gong at me har å gjera med ein person som er ein heilt annan type enn den uvørdne Tron Hoskuldson. Solskinsforteljinga er sjølvsagt ei vandresegn som blir knytt til fleire andre segnomsuste figurar so som den danske Heilag-Anders, bjellandspresten Søren Schive og Heilag-Tøri frå Søndeled i Aust-Agder. Besse er ein person som har blitt vurdert som særleg gudfryktig – ja, me kan seia ein heilag person.

Dei sundagane det ikkje var gudsteneste, brukte Besse å halda bøn på ein rund, noko høg fjellknatt utanfor garden. Denne fjellknatten kallar dei Bessestolen. Rett austom husa på garden sin fanst Bessebordet der han heldt morgonbøn til kvardags.

Når so Besse for den lange vegen til kyrkja på Liknes, hadde han visse stader der han kvilde og åt. Det fanst endå eit Bessebord utanfor Netland, ei steinhelle han hadde til bord.  Bessebordet ved Netland skal/skulle vera som ei bordskiva med steinar under. På Netland skal òg finnast ei Bessekista.

Besse kan ha lagt kyrkjevegen ned Austerdalen, for innanfor Vorann vest for Dugann var endå eit Bessebord. Her heldt han etter tradisjonen måltid på heimevegen etter messa, for han gjekk fastande til kyrkje.

Me får inntrykk av kva slags haldning han har til livet gjennom ei forteljing om førebuinga av jolematen på garden i Knaben, gjeve att wv folkeminnesamlar Peter Lunde i 1924:

”Besse sette seg te jolepta aa smia steigeteina, men di hadde ikkje kjød. Kòno spurde kò ’an ville me steigeteina naar di ikkje hadde noge aa steigja. Men Besse meinte vaarherre ville nok senda di kjød. Eit bil ette kom en flokk reina, ò di gjekk sò nøde ud paa fjedde at di datt udføre ò slo seg i hel”. Slik fekk Besse so mykje jolesteik at han kunne dela med dei andre på garden.

Her høyrer me ekkoet frå forteljinga om den gamaltestamentlege profeten Elia som gøymer seg i Krit-dalen og ramnane som Gud sender han som har med seg brød og kjøt til han kvar morgon og kveld. Og vidare kan me føra linene til Jesu ord i Bergpreika i Matteus-evangeliet:Difor seier eg dykk: Ver ikkje urolege for livet, kva de skal eta, og kva de skal drikka, eller for kroppen, kva de skal kle dykk med. Er ikkje livet meir enn maten og kroppen meir enn kleda? Sjå på fuglane under himmelen! Ikkje sår dei, ikkje haustar dei, og ikkje samlar dei i hus, men Far dykkar i himmelen før dei likevel. Er ikkje de mykje meir enn dei?Kven av dykk kan med all si uro leggja ei einaste alen til livslengda si?”

Denne forteljinga er nok ikkje ei historie om en lat mann som ikkje veit å arbeida for føda, men ei forteljing om ein person som etter bibelsk føredøme ikkje er uroleg for korleis han skal metta seg sjølv og sine. Truleg var dette vanskelegare å ta til seg og leva etter for hardtarbeidande fjotlandsbønder i tidlegare tider enn det er for oss i dag med døgnopne butikkar.

Kvar joledag var Besse den første som kom til kyrkje, sjølv om han hadde kyrkjeveg på om lag 6 mil. Men ein joledag drog det ut med at Besse dukka opp. Ringjaren gjekk til presten og sa at Besse ikkje var komen, men at det var lide so langt at dei måtte ringja til messe. Men presten ville venta.  ”Han kommer nok, død eller levende”, sa presten. Men det varde og rakk, og til slutt ville presten til å gå på stolen, men då tok klokkene til å kima av seg sjølv. Då var det englane som var i tårnet og ringde. Då kom dei berande med liket av Besse over Åmotsmonan – det som i dag heiter Englemonan og soleis knyter direkte til segna.

Forteljingane om Besse gjeng attende til tida før fjotlandskyrkja blei reist i 1670, for det var Liknes-kyrkja han oppsøkte. Bygdebokforfattaren Johan Jerstad var i sterk tvil om Besse i Knaben nokon gong hadde levt og meinte han var ein oppdikta figur som eftetølsætta særleg hadde halde liv i. Dette var nettopp fordi ingen skriftlege kjelder omtalar mannen og at garden var truleg var øydegard til rett inn på 1600-talet. Jerstad meinte vidare at Besse-namnet i fleire stadnamn hadde vore årsak til at ein hadde dikta opp ein person. Sjølv meinte Jerstad at Besse-namnet kom av ’bjørn’, og det er jo heilt rett, men han knytte det eintydig til dyrenamnet. Men med mindre dette er ein person nokre med vilje har funne opp og dikta eit liv til, er det rart så mange soger er knytte til denne figuren.

Professor Ludvig L. Daae sa ikkje noko avgjort om Besse bare var ein rein fantasifigur. Han plasserte Besse som ein samtidig med den historiske personen Tron Hoskuldson (1588-1670). Det kan vera, men han er altso ikkje nemnd i skriftlege kjelder frå denne tida. Har han levt, er han truleg eldre enn det – kanskje høyrer han til katolsk, før-reformatorisk tid som nokon har hevda. Besse kan ein på mange måtar forstå som ein som blir halde fram som eit føredøme når det galdt å halde oppe den katolske messeplikta og kom til kyrkje på fastande hjarte slik skikken er når ein katolikk skal motta Jesu lekam og blod. Men katolsk trusliv veit me heldt seg godt mellom vanlege folk sjølv om den offifsielle kyrkja hadde teke til den lutherske læra, og mange stader var kyrkjefolk opptekne av å ta vare på dei nedervde, katolske skikkane. Kanskje er forteljingane om Besse ogso eit uttrykk for denne haldninga mellom folk?

Noko ein skulle tru kunne svekkja teorien om at Besse i Knaben har eksistert, er namnet hans. Besse-namnet finst elles ikkje i Fjotland. Samstundes kan namne-teorien styrkja tanken om at Besse i Knaben har levt, for Besse-namnet finn ein m.a på Rosstøl i Sirdal, men det forsvinn ut av bygda då siste mannen med det namnet emigrerer til Holland på 1600-talet, Slik historikar Seland skriv i bygdebøkene for Sirdal. Det er elles kjent at Besse-namnet har funnest i vårt område i både Gyland, Feda og Nes. Endeleg er Besse-segna ikkje berre omtalt i Fjotland, men har vore kjent i fleire av grannebygdene, men knytt geografisk til Fjotland og Knaben

Professor Daae kallar Besse bygdehelgen. Daae rekna Besse som éin av fleire norske bonde- eller bygdehelgenar. Dette er heilage kvinner og menn som har blitt minna lokalt utan at dei har vore godkjende som offisielle helgenar av kyrkja.

Avslutning
Om me då ser på dei tvo figurane frå fjotlandsk forteljartradisjon, ser me tydeleg to svært ulike typar. Den eine er den vågale, stride og ærekjære kjempekaren. Den andre er det fromme, tolsame og gudelege heilagmennet. Tron Hoskuldson framstår vidare som både snartenkt, humoritisk, modig og raus i den folkelege tradisjonen, men ogso slu og utkropen. Besse i Knaben fører eit stille liv gjennom det som stend fram som eit regelmessig bøneliv og inderleg gudsforhold.

Her møter me to idealtypar som på mange måtar utfyller kvarandre. Dette er elles ideal som ikkje lett let seg integrera i ein og same personen. Ein person med både Tron og Besse sine karakterar ville vore ein spalta og lite truverdig figur. Men desse tvo figurane, saman med eit vidare galleri av personar som folkeminnet har halde oppe, viser oss noko: Her kjem mykje fram som tydeleg må ha vore verdsette eigenskapar mellom folk. Og langt på veg representerer dei handlingar og verdiar som har vore oppvurderte – både det slagkraftige, sjølvrådande og opposisjonen til øvrigheit på den eine sida og det fromme, gode og tillitsfulle på den andre.

Og mykje av det som blir verdsett finn me att i den store forteljinga, det bibelske landskapet og persongalleriet, som gav føredøme og mønster for verdsette menneskelege eigenskapar. Om me går til rosemålingskunsten som blømde noko seinare, utetter 1700- og 1800-talet, er eit av dei mest populære motiva kampen melllom David og Goliat og Samson og løva. Ogso dette meiner eg seier ein del om verdiar og vurderingar i eit samfunn.

Men ser me nøgnare etter, er det altso ikkje bare slåstkjemper, bjørnejegarar og oppreistleiarar som har sett spor etter seg i folketradisjonen, for fortidas fjotlendingar har jo sjølvsagt aldri vore eit eindimesjonalt, rått og vilt folkeferd.  Her finn ein òg mange forteljingar om godmenne, gjevmilde, stillfarne, trufaste og nestekjærlege menneske. Ein folkehelt kunne òg vera ein trushelt, slik som Besse i Knaben. Den gamle merkelappen helgen representerer ein type helt – eit trushelt som er eit føredøme for andre. Ser me etter, vil me finna slike menneske i forteljingar frå mange bygdesamfunn som viser godleik, visdom, ærlegdom, gjevmildskap m.m. Eg kunne nemnt ei rekkje, men let det vera i dag. Desse mennesketypane har funnest mellom og vore sett opp til til alle tider og gjeve korrektiv til korleis me skal leva som menneske og medmenneske.

Forteljingane om personar frå Fjotland i gamal tid kan altso fortelja oss mykje om dei verdiane og menneskelege eigenskapane folk før oss har sett høgt. Sogene og segnene løfter ofte fram dei mennene og kvinnene som på ein eller annan måte har fenge heltestatus – ogso det som blir dikta opp eller lagt til kan gje oss innblikk i kva folk har oppvurdert.

Ogso i dag har me heltar. Kva er viktig for oss i dag, og kven er det me løfter fram som heltar i dag? Korleis vil ettertida sjå på oss og dei forteljingane me fortel? Dei forteljingane me held oppe i dag, seier ein heil del om oss sjølve og våre verdiar og vurderingar. Det me gjev verdi i dag, vil framtida døma oss på og vurdera oss etter. Då er det heller ikkje bare tale om verdiar og haldningar, men dei gjerningane og handlingane som vil setja spor og og forma den fortida som ligg framom oss.

 

- Antall besøkende: 1095175 - Online: 12 - Sist oppdatert: 22.09.2019 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart