AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
Kyrkjejubileumskonsert i Netlandsnes

I eit fullsett kapell på Netlandsnes, blei kyrkjejubileet i Fjotland blæst i gong fredag kveld. Med Sverre Eftestøl i spissen blei det ein verdig og fin start på jubileumshelga i Fjotland, fredag 14. oktober 2011.

I år feirer Knaben kapell 75 år, Netlandsnes kapell 125 år og Fjotland kyrkje 175 år. Soknerådsleiar Marit Homme ønskte forsamlinga velkomen til Netlandsnes kapell, og ho minna om kva dette og dei andre kyrkjebygga hadde fått bety for mange fjotlendingar. Konserten var ein ei lang rekke av høgdepunkt. Sverre Eftestøl starta det heile med Mendelsohns kjende bruremarsj på det nye elektroniske orgelet i kapellet. Kvelden blei avslutta med ei nyskreven salme av Synnøve Dunsæd som Sverre Eftestøl har sett melodi til: Takk, Herre Gud for glede og for lys. Ei flott salme som vil kunne nyttest i mange samanhengar.

Denne nyskrevne salma tok prost Hilde Sirnes utgangspunkt i si helsing til den fullsette kapellet:
-Tro og takk høyrer saman. Vi kan vere takksame for at vi har desse flotte husa å gå til, for den flotte musikken vi har høyrd i kveld og for at vi har kvarandre, oppsummerte Hilde Sirnes.

I konserten var det også urframføring av Fjellsalme av Leif Knibestøl, også den tonesett av Sverre Eftestøl. Dette er ei lesesalme som Martha Eftestøl framførde med tonefølgje av mannen. Det var ein spennande og flott tekst til ettertanke.

Oddbjørn Stakkeland har samarbeidd med Sverre i mange i år, også denne kvelden fekk forsamlinga glede seg over samspel mellom dei to, Både i firhendig på orgel, og med Oddbjørn på trompet, akkompagnert av Sverre. Firhendig orgel blei det også med to av kulturskuleelevane frå Fjotland. Elias Netland og Anne Katrine Risnes fekk begge stor applaus etter å ha framført stykkker i lag med Eftestøl på orgelet.

Ei korgruppe som var sett saman for konserten song Jesu joy of man's desiring av Bach og Bruremarsj etter Martin T. Eftestøl. Mange av songarane har røtene sine frå Fjotland.

Også ordførarer Odd Omland var med i kapellet og helste til fjotlendingane og takka for ein fantastisk flott konsert, og han så fram til resten av jubileumshelga.

Laurdag er det jubileum på Knaben med song og musikk i kapellet, mens heile jubileet avsluttast med festgudsteneste i Fjotland kyrkje på sundag, med biskop Olav Skjevesland.

Bilder frå konserten kan du sjå her:

PØR

 

- Antall besøkende: 1057904 - Online: 48 - Sist oppdatert: 25.06.2019 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart