AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
Ein langeleik tar form

Dette var i mars 2009 at Nils Ro kunne vise den ferdige langeleiken. Gjennom tre besøk hos han fekk Fjotlandsrosa følgje framdriften av prosjektet. Det er ein møysommeleg prosess å lage eit slikt instrument.

Ved det første besøket 12. januar 2009 så emnet slik ut:

 

Det var forma som tyda på at dette skulle bli ein langeleik. Men då me fekk kome tilbake nokre veker seinare, tidleg i februar, var mykje av den særmerkte karveskurden utført med stø hand.

 

Det flotte hovudet som står bak på langeleiken, og stemmeskruvene, var nå ferdige og sjølve emnet var i ferd med å få si form. Så 2. mars fekk me melding om at langeleiken var ferdig til levering. Det var spennande å kunne få sjå resultatet, av nærare to månadars nitid arbeid.

 

Slik ser den 21. langeleiken ut frå Nils Ro. Tidlegare skreiv me at dette var nr 17, men ved nærare oppteljing har han kome til at dette var nr 21. Det er den også merka med på undersida. Der er det skrive:

Kopi av langeleik, laga av Torgrim Knaben i 1817.

Kvinesdal 2009
Nils Ro

Me er imponerte over det flotte arbeidet Nils Ro har lagt ned. Sjå også desse artiklane Ein langeleik tar form og Langeleik med spennande karveskurd.

Per Øistein Rogstad

 

- Antall besøkende: 985913 - Online: 20 - Sist oppdatert: 09.06.2018 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart