AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
Forrige 1 2 Neste
Krusifikset som forsvann
Krusifikset som forsvann
I 1902 stod det å lese om eit tjuveri frå Fjotland kyrkje i Flekkefjordsposten. Eit gammalt krusifiks var borte frå kyrkja. Sidan den tid har det vore eit mysterium kor det blei av. Flekkefjordsposten slo fast at det var seld til omreisande oppkjøparar. Rykte skal ha det til at det skal vere i Amerika, men framleis meir enn 100 år etter er det eit mysterium kva som hende med det utskorne Kristusbiletet/krusifikset.
Då fjotlendingane stengde kyrkjedøra for presten
Då fjotlendingane stengde kyrkjedøra for presten
Det var lyst til preike 20. februar 1770 i gamle Fjotland kyrkje. Då samla bøndene seg frå gardane midt i bygda og tok nøklene frå kyrkjeverja og læste døra, så ikkje presten Ole Blyth kom inn. I spissen for bøndene stod Tore Sigbjørnsen Engedal frå dør framme på Engedal. Dette fortel Johan Jerstad og Tor Veggeland om i Fjotland Gards- og ættesoge.
Den siste køyrekaren
Den siste køyrekaren
"Jeg undertegnede var den siste som brukte Hest og Karjol til kjerkegang tænker det var år 1952 jeg for siste gang brukte Kjøretøi og Hest." Dette skreiv Johannes T. Engedal (1885-1960) i eit lite notat bak i sitt eige eksemplar av Fjotlands sogebok 23. desember 1959.
Skrifta på kyrkjeveggen
Skrifta på kyrkjeveggen
På veggen over klokkarstolen i Fjotland kyrkje heng det tre samanføydde trefjøler med eit bibelord skore ut med med store bokstavar, i eit språk dei færraste av oss skjønar.
Forrige 1 2 Neste
- Antall besøkende: 1086611 - Online: 8 - Sist oppdatert: 22.09.2019 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart