AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no

Kulturprisutdeling i Fjotland

07.11.2011
Kulturprisutdeling i Fjotland

Oddbjørn Stakkeland og Sverre Eftestøl er to av mange fjotlendingar som har vunne Kvinesdal kommunes kulturpris sidan starten i 1981. Fredag kveld, 11. november, skal kulturprisen delast ut i Fjotland kyrkje.

I fjor delte Kvinesdal kommune ut sin Kulturpris nr 30, og då var det Rune Edvardsen som vann. Årets kulturpris skal delast ut i Fjotland kyrkje 11. november. Det kan passe godt å legge kulturprisutdeling til nettopp Fjotland kyrkje i år. Tidlegare i haust feira fjotlendingane at kyrkja er 175 år.Også dei andre kyrkjebygga blei markert: Netlandsnes kapell 125 år og Knaben 75 år.

Fjotlendingane har tatt godt for seg når kulturprisen har blitt delt ut. Ikkje mindre enn 12 gongar har fjotlendingar vunne prisen. Blant vinnarane finn ein mellom anna Trygve Eftestøl (1984), Arne Stakkeland (1985), Tom Gallatin (1994) og Oddbjørn Stakkeland (2006).

Den første som vann kulturprisen i Kvinesdal var mannen bak Kvinesdals bygdebøker; Ånen Årli i 1981. Allereie året etterpå gjekk prisen til Fjotland, då til Fjotland Bygdemuseum.
Kven som vinn prisen i år blir først offentleggjort på kulturkvelden fredag. I følgje www.kvinesdal.kommune.no er det kome inn 11 forslag til kandidatar, som alle er gode. I tillegg til Kulturpris skal det delast ut Kulturstipend, Bygningsvernpris og Pris til ung idrettsutøvar, denne kvelden.
Songaren Helene Bøksle saman med vår eminente pianist Oddbjørn Stakkeland frå Fjotland, skal holde ein stemningsfull intimkonsert. Det vil også bli innslag av trompetist Bjørn Olav Thune og Oddbjørn Stakkeland på flygel. Kveldens programleiar er varaordfører Per Sverre Kvinlaug.
Ein komplett oversikt over alle som har vunne Kulturpris og Kulturstipend, kan du sjå på nettstaden til Kvinesdal kommune.
Per Øistein Rogstad
 
 

 
Andre aktuelle saker
- Antall besøkende: 1150592 - Online: 14 - Sist oppdatert: 20.02.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart