AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no

Boka om Oskar Stakkeland

23.10.2011
Boka om Oskar Stakkeland

Tidlegare i år kom boka om predikanten Oskar Stakkeland, som sonen Jan Oddvar Stakkeland har skrive. Oskar som budde mesteparten av livet på Stakkeland, hadde eit langt liv som songevangelist.

Oskar Stakkeland starta å reise som songar i Norske Luthersk Misjonssamband allereie som 18-åring, men han hadde også lyst til å lære meir. Det førte han mellom anna til Bibelskulen i Bergen og Musikkonservatoriet i Oslo. I 1997 hadde underteikna eit intervju med Oskar Stakkeland  som stod på trykk i avisa Dagen 1. april dette året. Det har vi no lagt ut her på Fjotlandsrosa. Det kan du lese her:

Boka til Jan Oddvar Stakkeland er eit interessant historisk dokument som gjev ei ærleg skildring av livet som emissær. Boka er til sals mellom anna hos Kvina Foto.

Per Øistein Rogstad

 
Andre aktuelle saker
- Antall besøkende: 1509906 - Online: 9 - Sist oppdatert: 22.09.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart