AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no

Fjotlands eldste gravminne

27.10.2011
Fjotlands eldste gravminne

Er dette Fjotlands eldste gravminne som framleis er i god stand? Det er truleg gravsteinen til Øyo Bergeson Bergeslien som levde frå 1697-1753.

"Jeg har det faste haab at Guds basuners lyd paa domm-dag mig skal opvække til stor fryd" slik står det å lese på dette gravminnet som nå er å finne på Fjotland bygdemuseum. Ein plakat er sett opp som viser teksten. Gravsteinen skal ho vore funnen i kyrkjegardsmuren ved Fjotland kyrkje, og skal stamme frå den gamle kyrkja som var bygt i 1670.

I Fjotlands gards og ættesoge skriv Johan Jerstad under Berge Øyuson Bergeslien” Gravsteinen til Øyu er til enno. Dermed er det truleg at dette er gravsteinen til Øyu Bergeson Bergeslien (1697-1753) og at sonen Berge har laga innskriften på steinen. Øyu skal ha vore tipp-tipp-tipp-oldefar til bygdebokforfattarane Johan Jerstad og Tor Veggeland. Er du heldig å besøke Fjotland Bygdemuseum ein fin sommardag kan du få høyre soga av 6xtipp-oldebarnet til Øyu.
PØR

 

 
Andre aktuelle saker
- Antall besøkende: 1149012 - Online: 12 - Sist oppdatert: 20.02.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart