AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no

Helgamøss 1. november

01.11.2011
Helgamøss 1. november

1. november ”Helgamøss” som dagen heitte i Fjotland i eldre tid, er dokumentert som preikedag sjølv om det ikkje var sundag. Fjotlendingen Per Jesperson Stakkeland (1763-1846) nemner dagen som preikedag i 1806. Det var ein laurdag.

Dette var ein av dei mange merkedagane på primstaven. Her kunne ein finne fram til dei gamle merkedagane som var viktige i årssyklusen i arbeidet på garden.
- Den praktiske horisonten var bygda eller aller helst grenda, dei som dei samarbeidde med og grensa til”, skriv folkloristprofessor Brynjulf Alver i boka Dag og merke (1970). Både året og årsrytmen var strukturert ut frå det praktiske arbeidet på garden. Attåt dette var kyrkjeåret med dei mange helgedagane, høgtidene og helgenmarkeringane viktige punkt i årssyklusen – også lenge etter at mange kyrkjelege markeringar var blitt fjerna ved reformasjonen og ved andre endringar i kyrkjekalenderen seinare.

Sumarmål 14. april stedde  gjerne tenarane seg, anten for året eller for sumaren. I siste høvet kunde dei ste seg til mikjelsmøss eller til helgamøss”, skriv Johan Jerstad.
Helgemøss var også ei tid dei kunne vente vintaren, for som det het om det første snøfallet i Fjotland:

”Kjem han kje mikjelsmøss skridand,
så kjem han helgamøss ridand” (Jerstad 1949)
 
Dette seier òg noko om at fôrsanking og mykje av arbeidet utomhus, burde vera avslutta før vinteren sette inn og snøen dekte landskapet. Meir om Helgemøss les du her:
Helgamøss og alle dei andre merkedagane kan du finne fram til her:
 
PØR

 

 

 
Andre aktuelle saker
- Antall besøkende: 1150580 - Online: 7 - Sist oppdatert: 20.02.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart