AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no

Med skrivekløe i misjonærbagasjen

07.10.2011
Med skrivekløe i misjonærbagasjen

”Med skrivekløe i misjonærbagasjen” heiter boka som Tobias Salmelid (74) gav ut i haust. Han bur nå i Flekkefjord, men han budde i Fjotland i oppveksten.

Tobias Salmelid veks opp på Veggeland og Risnes. Han har eit langt misjonærliv bak seg. Han var misjonær i Etiopia i 1961-93, har brukt sin skrivekløe i fleire bøker om misjonæropplevingar og slektshistorie, og virket som forkynner, kretsleiar og bokredaktør i Misjonssambandet. Hans kone Gunvor, f. Goa, døyde i 2006. Fleire av deira fem søner har vore misjonærar i Afrika. Tobias giftet seg igjen i 2007 med Bjørg, f. Nedland.Fram til 2007 budde han på Randaberg med familien.

Tobias Salmelid har tidlegare gitt ut  fleire bøker. I 2003 gav han ut Salmeli - fjellgrenda og folket ned gjennom tidene - i tekst og bilder. Ei bok om grenda som slektsnamnet stammer frå. Årets bok er ein sjølvbiografi frå forfattarens teneste og skriving i Etiopia og heime i Noreg. Hans skrivelyst førte til dagbøker, fulle av detaljer om varme fellesskap og vonde intriger, små noveller skapt av erfaringar og tankar, om misjonærdrap, demonbesetting og samanbrot, og glimt av familieliv og fellesskap med kollegaer. Evangelisering blant unådde stammefolk, og bibelopplæring mellom nye og gamle landsmenn i Noreg, høyrer også med.

Boka er for sal hos Horjen Bokhandel, Flekkefjord, og kan elles tingest hos forfattaren: Mobil 47293491 eller på e-post: tobias@salmelid.no.
 

 
Andre aktuelle saker
- Antall besøkende: 1122333 - Online: 14 - Sist oppdatert: 20.02.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart