AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no

Grendefest på Netland

11.09.2011
Grendefest på Netland

Laurdag den 6. august var det stor grendefest på Netland i strålande solskin. Regnvêret tok ein pause denne dagen, til ære for oss som har vakse opp mellom Rysefjellet i aust, Persknuden og Slettafjellet i vest, Hesthomknuden i nord og elva Kvina, som gjennom nokre millionar år har danna eit flat jordbruksland me småungane tykte var like stor som prærien i Amerika.

Og nettopp Kvina var hovudårsaka til det ein kunne kalla ei viss stordomstid på Netland i fyrste del av førre århundret.  Då brua over Kvina kom i 1944, var det om lag 33 bygningar på vestsida av elva.  Her var blant anna to private butikkar og eit handelslag, mange lagerbygningar som tilhøyrde Knaben gruvor, eit slakteri og den fyrste rutebilstasjonen i Kvinesdal.  All ferdsel over Kvina gjekk med ferje – ei lita for persontransport og ei større for bilar og anna utstyr.  Knaben gruvor hadde sjølv laga veg frå den andre sida av ferjeleiet og nordover. 

Det var vel dei færraste som hadde drøymt at me skulle bli om lag 95 menneske denne dagen – med stort og smått.  Alle stolar i det store teltet var oppteken, og praten gjekk livleg mellom mange som ikkje hadde sett kvarande på 30 – 40 år.  Sjølv om ein ikkje likar å innrømma det, var det nok mange, meg sjølv inkludert, som måtte gå både ein og to rundar før ein kunne seia namnet på ansiktet ein hadde føre seg.  Men når det var unnagjort, var gjensynsgleda desto større.  Gode historier blei delt og ofte med ein humoristisk vinkling som ikkje levna nokon tvil om at dette var ein fargerik stad å veksa opp.  Og som alltid på Netland vanka det mykje god mat frå eit bognande  koldtbord og mykje medbragt.

For dei mest uthaldande, blei dagen avslutta med samling rundt bålet til langt på natt med endå fleire fargerike historier.

Til slutt ein stor takk til Signy og Odny Aud som tok initiativet til samlinga, godt hjelpt av Tom Arnt.  Også riggegjengen bør nemnast:  Anstein, Ingmar, Eilef, Leiv Terje, Jan, Johan og Torbjørn. 

 

John Petter Lindeland

 

 

 

 

 
Andre aktuelle saker
- Antall besøkende: 1122285 - Online: 10 - Sist oppdatert: 20.02.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart