AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no

Minne cd-ar om vekkinga i 1934

20.08.2011
Minne cd-ar om vekkinga i 1934

I januar 1994 blei det sendt eit minneprogram om den store vekkinga som gjekk over Fjotland i 1934. I programmet møtte ein fleire av dei som hadde opplevd vekkinga som Sigurd Mygland, Thorvald Kvinlaug og Peder Stakkeland.

Det var Kjell Sverre Trodahl og Tønnes T. Kvinlaug som stod for minneprogrammet i 1994. Der intervjua dei fleire som opplevde vekkinga. Det heile starta med ein gruveulukke på Knaben der to ungdomar døyde, og like etterpå gjekk to born gjennom isen på Galdalsvatnet. Fire kister samstundes var eit sjeldent syn i Fjotland kyrkje. Dette blei ein vekkar for mange.

Etter ønskje frå mange er programmet no gjeve ut på cd. Programmet kan tingast frå Tønnes T. Kvinlaug og Kjell Sverre Trodahl. Det er også mogleg å sende ein e-post til post@fjotlandsrosa.no.

Dette er eit interessant historisk dokument om folkelivet i bygda.

 

 
Andre aktuelle saker
- Antall besøkende: 1148566 - Online: 26 - Sist oppdatert: 20.02.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart