AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no

Årsskrift nr 26 frå Kvinesdal historielag

21.02.2011
Årsskrift nr 26 frå Kvinesdal historielag

Barnelaget ”Liten hjelper” som har vore i drift i over 90 år - sidan starten i 1919, oppvekst på Galdal og minner frå krigen, er noko av det ein kan lese om i årsskriftet frå Kvinesdal historielag for 2011.

Det er årsskrift nr 26  frå Kvinesdal historielag. Det er eit imponerande lokalhistorisk dugnadsprosjekt som historielaget har lagt ned sidan det første heftet kom ut i 1986.  

Kjell Trodahl har skrive om barnelaget ”Liten hjelper” som blei starta opp av Bertine Eiesland og Berta Eftestøl i 1919. Han fortel mellom anna om 100-åringen Solveig Hellestøl (f. Mygland i 1910) som var mellom dei første jentene i laget. Ho minnest godt at dei gjekk frå Mygland over til Vordal for å samlast til barnelag heime hos Berta Eftestøl.

Åse Skiftun (f. Paulsen) fortel levande om oppveksten på Galdal på 50- og tidleg 60-tal.
- Eg var ganske stor før vi fekk eigen bil, ein brukt Moskvitch. Før det bruka pappa traktoren som bil dersom vi skulle på Haddelandsheia på stevne, eller han kjørde medlemmene i bondekvinnelaget over heia til Årstøl. Vi satt på tilhengaren med teppe over lemmane. Det var den tids campingvogn.

Elles inneheld også årsskriftet ein artikkel der Tore Mygland minnest  dramatiske krigsår. Han var elev på Eidsvoll Landsgymnas då krigen braut ut 9. april 1940. Same dag tok han seg heim til mor og fem yngre søsken på Vallset sør for Hamar.

Ein markering av opninga av Barnevandringsstien 4. juli 2010 er det også plass til. Mathias Pedersen frå Jerstad er den første kjende barnevandrar. Han vart fødd i 1829, og kom til Reddal i Landvik i 1842 som 13-åring.

Då Kvinesdal historielag starta opp i 1984, var det bare 32 medlemmer i laget. Ved årskiftet var medlemstalet oppe i 1232. Det betyr at meir enn kvar femte kvindøl er med i historielaget, og det er imponerande.

Årsskriftet blir sendt til alle medlemmer. Andre interesserte kan gå inn på nettstaden www.kvinesdalhistorielag.no eller kjøpe det på, Kvina Fotosenter, Servicetorget Rådhuset og Knaben Landhandel.

PØR

 
Andre aktuelle saker
- Antall besøkende: 1173669 - Online: 26 - Sist oppdatert: 27.06.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart