AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no

Bjørnefella i Bjødnehommen

15.01.2011
Bjørnefella i Bjødnehommen

I Fjotland. Sogebok. (1949) skriv Johan Jerstad om ei bjørnefelle i Bjødnehommen i Knabedalen. Torger Kvinlaug og Tønnes T. Kvinlaug fann staden der fella må ha vore, då dei gikk på leiting i haust.

Nyleg blei ei bjørnefelle i Urdal i Gyland omtala i avisen Agder. Bjørnefella var nett registrertDå tok Erling Sømme Kielland kontakt med Tønnes T. Kvinlaug, og spurde om han kjende til bjørnefella som Johan Jerstad omtalar i Fjotland. Sogebok. Jerstad skriv at den skulle ha vore i Bjødnehommen i Knabedal, og ho var 8 m. lang, 2m. brei og 5m. djup og var ei naturleg ”glove” i fjellet. Tønnes T. Kvinlaug fortel til Fjotlandsrosa.no at han fekk med seg Torger Kvinlaug frå Lyngdal som er oppvaksen på Knaben gard. Saman gjekk dei på jakt etter bjørnefella.

Tønnes T Kvinlaug fortel:

- Me avtala då å møtast ved butikken på Knaben mandag 11 okt. Me køyrde ned den gamle Knabenvegen til nedom Hattevaren. Dalen som går nordover her heiter Bjødnehommen.På vestsida av dalen og i nordleg retning, var det ikkje vanskeleg å finna denne ”Glova” som var omtala. Eg vil tru at denne strakk seg ca. 100 til 150 m. i nordleg retning, frå bunn til topp.

Det som kan vera ei utfordring er å finna nøyaktig der fella er. Johan Jerstad skriv at ho skal vera mura att i nordre enden. Til våren skal me på synfaring og registrering med  Ghattas Sayej, som er arkeolog ved Vest-Agder fylkeskommune.

 

Vi får kome tilbake med fleire opplysningar når bjørnefella er registrert. Tønnes sin omtale av turen og funnet kan du lese her:

 

PØR

 
Andre aktuelle saker
- Antall besøkende: 1175088 - Online: 15 - Sist oppdatert: 27.06.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart