AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no

Var det her Heilag Olav bandt hesten

30.12.2010
Var det her Heilag Olav bandt hesten

Var det her Heilag Olav bandt hesten sin, spør Tønnes T. Kvinlaug? Det er eit gammalt segn frå Fjotland som seier at Helgenkongen hadde ein stopp ved denne steinen på Bjønndalsmyra på vegen mellom Risøyne og Øvre Kvinlaug, like vest for Engedal.

Både Tønnes T. Kvinlaug og  fetteren Aril Magne Stakkeland fortel til Fjotlandsrosa.no at dei har høyrd segnet om då Heilag Olav bandt hesten sin. Dei følgde oss til steinen i lag med Henning Hansen og Espen Rogstad. Steinen som helgenkongen skal ha kvilt ved, lå like ved hovudvegen frå Risøyne til Øvre Kvinlaug. Dette var jo lenge før den noverande dalevegen kom. Steinen er særmerkt og har fleire djupe hol som kan sjå ut til å være grove ut. Den spesielle staden der Kongen skal ha bunde hesten, er holet slik at det var greit å feste eit tau. Staden er fredfull og ein kan tenke seg at staden høvde seg til ein pust i bakken, sjølv for ein konge.

Mange stadar i landet har segner om Helgenkongen, og det er ikkje lett å skilje ut kven som byggjer på historiske fakta og kven som berre er fantasi. Kan hende er det ikkje så viktig å skilje heller. Steinen på Bjønndalsmyra i Fjotland, er eit artig skue og det er ikkje vanskeleg å skjøne at den kan ha gitt rom for folkefantasien. Staden er fredfull og triveleg, og kvifor skulle ikkje Helgenkongen ha kvilt nett der?

PØR

Fleire bilete frå Olavsteinen finn du her.

 
Andre aktuelle saker
- Antall besøkende: 1173673 - Online: 27 - Sist oppdatert: 27.06.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart