AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no

Brudle i Fjotland

19.11.2010
Brudle i Fjotland

Brudle er rekkjer av steinar lagt etter kvarandre. Steinane ligg oftast på flate berg langs gamle ferdselsvegar. I gamle Kvinesdal og Feda kommunar er det ikkje registrert brudle. Vi må til Fjotland for å sjå brudle og der finn ein dei på tre stader. Alle ligg på heia mot Sirdal.

Anne Berit Erfjord har skrive ein artikkel om Brudle i Fjotland som du finn her på Fjotlandsrosa.no. Ordet brudle tyder brudefylgje. Den vanlegaste tolkinga, fortel Erfjord, er at brudlea er lagt ned av brudefylgje som var på veg til eit bryllup. Ofte kunne det vera bryllup der brudeparet var frå kvar si bygd eller var på veg til ei kyrkje i ei anna bygd.

Agder og grensebygder i Rogaland og Telemark er einaste stader i landet vi finn brudle. Brudle (eller brudled) er rekkjer av steinar lagt etter kvarandre. Steinane ligg oftast på flate berg langs gamle ferdselsvegar.

Les meir om Brudle her: 

PØR

 
Andre aktuelle saker
- Antall besøkende: 1149019 - Online: 10 - Sist oppdatert: 20.02.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart