AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no

Ikkje femte, men minst sjuande fjotlending med kongeleg heider

28.05.2010
Ikkje femte, men minst sjuande fjotlending med kongeleg heider

17. mai fekk Sverre Kvinlaug overrekt Kongens fortenestemedalje i sylv av ordførar Odd Omland. Truleg er han den sjuande fjotlendingen som får ei slik utmerking, og ikkje femte som vi tidlegare har meldt.

Fredag 28. mai arrangerte Fjotland Idrettslag fest for Sverre Kvinlaug på Kvinlog skule. Han fekk medaljen for sitt mangeårige engasjement innan idretten, ikkje minst for Fjotland IL. Medaljen fekk han også for sitt omfattande samfunnsengasjement mellom anna i politikken og Fagforbundet (Kommuneforbundet). Sverre er truleg den sjuande fjotlendingen som har fått Kongens fortenestemedalje.

Først ute var gardbrukar og værobservatør Jacob O. Risnes i 1945. I 1961* fekk Anne Malena Skjeie Risnes kongens fortenestemedalje for lang og tro teneste ved rikstelefonsentralen i Fjotland. Ho var også den første kvinnelege kommunestyrerepresentanten i Fjotland kommune. I 1982 var turen komen til Trygve Eftestøl og Torvald Kvinlaug, dei fekk begge Kongens sylv. Eftestøl for sitt breie kulturengasjement og som lærar ved snikkarskulen i Fjotland, og Kvinlaug som skulemann og politikar. I 1992 var det Olaug Norås sin tur til å bli heidra med Kongens medalje, og ho fekk han i gull for å pleie kong Olav medan han var sjuk. To år seinare fekk sundagsskulelærar og emmisær Peder Stakkeland Kongens sylvmedalje, for sitt lange virke i Indremisjonen og for sundagsskulen på Kvinlog.

Om det har vore fleire fjotlendingar som har fått Kongens fortenestemedalje eller liknande heidersteikn, er vi ikkje kjend med dette. Dersom vi har gløymt nokon, vil vi gjerne høyre om det. Vi har tidlegare meldt at Sverre Kvinlaug var den femte fjotlendingen som fekk Kongeleg heider, men vi må gje Avisen Agder rett i at også Jacob O. Risnes og Anne Malene Skjeie Risnes må med mellom fjotlendingar som har fått fortenestemedaljer av Kongen.

På www. kongehuset.no er fjotlendingane omtala slik:
1945 Gardbruker og observatør Jakob O. Risnes
1961 Telefonstasjonsstyrer Anne Malena Skjeie Risnes
1982 Yrkesskolelærer Trygve Eftestøl
1982 Rektor Torvald Kvinlaug
1992 Sykepleier Olaug Norås
1994 Søndagsskolelærer Peder Stakkeland
2010 Idrettsleder Sverre Kvinlaug

PØR

* Avisen Agder melder dette onsdag 2. juni  2010 at ho fekk medaljen i 1962 , men i følgje www.kongehuset.no, fekk ho kongens sylv i 1961.

 
Andre aktuelle saker
- Antall besøkende: 1148535 - Online: 20 - Sist oppdatert: 20.02.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart