AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no

Pipa til Børild

18.04.2010
Pipa til Børild

Etter kvart kom det liv i pipa, og den mørkeblå røyken og sterke lukta spreide seg i rommet. Slik fortel Tønnes T. Kvinlaug om Børild Lindeland og korleis han tente seg ei pipe på butikken, tidleg på 50-talet.

No har vi fått eit nytt innlegg i "Minnebògjæ" frå Tønnes T. Kvinlaug. Denne gongen fortel han om møtet med Børild Lindeland på butikken på Kvinlaug, tidleg på 50-talet. Tønnes var sjølv 12-13 år, og historia har sett med unggutens auge.

Vi har lagt ho ut på "Minnebògjæ". Tønnes skildrar korleis Børild røykte "skrå" i pipa:
"Børild bruka ”skrå” men når skråa vart nokre dagar gamal, gjekk det an å røykja denne. Børild fann som sagt fram pipa som hadde ein liten bøy, og putta henne i munnen. Så fann han fram skrårullen og lommekniven og byrja å karva av ein passeleg mengde inne i handa. Då det var gjort var det attende att med kniven i lomma. Pipa hang nå klar i munnen så nå var det bare å få ta den ut og få ”stoppa” ho med skråtobakken."

Resten av fortellinga finn du her:

PØR

 
Andre aktuelle saker
- Antall besøkende: 1148528 - Online: 22 - Sist oppdatert: 20.02.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart