AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no

Stadnamn i Fjotland

24.06.2010
Stadnamn i Fjotland

Kva tyder eigentleg gardsnamnet Spikkeland eller Lindhommen, og kor vanlege er desse namna i Noreg? Dette er spørsmål du kan finne svar på under stadnamn på Fjotlandsrosa.no. No har vi lagt ut artiklar om dei førti første gardana i Fjotland.

Sidan starten i 2008 har vi hatt som mål å få til ein oversikt over gardsnamna i Fjotland. Først no kan vi presentere dei første artiklane. Dei finn du under stadnamn i "Mål og namn"-menyen. I første omgang la vi ut 18 gardsnamn. Planen var at vi i løpet av våren skulle legge ut småartiklar om alle gardane som er omtala i Norske Gaardnavne av Oluf Rygh m/fleire. Dei 53 gardsbruka du finn her, følgjer den gamle matrikkelen med inndeling i gardsnummer. På gardane Harbakk, Bruli og Åsen (Indre og ytre) er det to gardsnummer, og difor vil me lage småartiklar til 50 gardsnamn. 24. juni har vi klart 38 av artiklane.

Viktige kjelder i arbeidet med artiklane har vore:
Statens kartverk: Norgesglasset.no
O. Rygh:
Norske Gaardnavne
Johan Jerstad: Fjotland. Sogebok 1949

Jørn Sandnes og Ola Stemshaug: Norsk stadnamnleksikon 1976
Johan Jerstad og Tor Veggeland:
Fjotland. Gards- og ættesoge 1979

I tillegg har me hatt god nytte av Nynorsk ordbok, Matrikkelinndeling frå 1950 og Per Seland si bok: Kvenåsen krets i Fjotland.

Me har valt å legge oss på skrivemåten som Statens kartverk nyttar. Dette avviker noko frå til dømes Gards- og ættesoga til Jerstad/Veggeland, men same som du finn på vegskilta. Til dømes heiter det Eigeland i Gards- og ættesoge, mens Statens kartverk nyttar Eikeland.

Me vil gjerne ha innspel og kommentarar til artiklane.

PØR

 

 
Andre aktuelle saker
- Antall besøkende: 1175865 - Online: 21 - Sist oppdatert: 27.06.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart