AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no

Påsketradisjonar

31.03.2010
Påsketradisjonar

Ordet påske vekker mange assosiasjonar som ski, appelsinar, kvikklunsj, hytte, påskeegg og pølser på bål og påskebodskapen og kyrkjegang. Men korleis var det i Fjotland for 100 år sidan eller meir?

I boka Kynnehuset med vestegdske folkeminne, skriv Peter Lunde i 1923 mellom anna dette:
Paaskemorgonen gjekk dei paa fjellet og vilde sjaa ”kòss solæ glea seg”. Far til forteljaren trudde visst at soli rann annorleis paaskemorgonen enn elles.

Også Johan Jerstad nemner dette med å gå opp på fjellet påskemorgon for å sjå på solrenninga:
Tollei Knaben, som kom til Eftestøl, var på Knabekniben Tvo påskemorgnar. Han var der andre morgnar òg, men soli var ulik seg påskemorgonen, sa han.

Kva så med andre tradisjonar som er vanlege nå, som det å koke påskeegg ute i det fri? Lunde skriv at det var ein tradisjon i Nes sokn, men ikkje i Fjotland. No er dette svært utbredt og mange koker påskeegg i skogen eller på heia, men skal vi tru Lunde er ikkje dette nokon gamal tradisjon i bygda.

Eit anna spennande historisk dokument som kunne sagt noko om dette er dagboka til 12 åringen Bertin Seland (1899-1931), som sonen Per Seland har tatt inn i boka Kvenåsen krets i Fjotland.  I dagboka si skreiv Bertin dette for påskedagen 7. april 1912:

Godt ver um dagen, men snøar um kvelden. Sauen av Sigrid hev lembdt inott. I dag er mange til kyrkje. Hjaa oss: Osmund, Nils og Inger Sofie. Derburte: L.-Osmund, Tosten, Joren, Torgrim og Inger Sofie. Dernede: Torkell og Atlak. Paalunden: Jakob og Andrias. I Lindhom: Johanes og Sigrid.
Me kokte velling i dag. Eg gjekk ned av Lindhom til Johan, daa eg hadde ete dugurd og var der inott. Ikveld fylgde Per Andrias Førlandsaas, Johanes Engedal og Ingerid Stakkeland med kyrkjefolket av Lindhom. Dei kom upp dei som var til kyrkje paa Seland, kun Atlak, Torgrim, Jakob og Andrias, og var der til langt paa notti, men så reiste dei til Seland baade Per Andrias Førlandsaas og Ingerid Stakkeland og dei som var til kyrkje fraa Seland, men Johanes Engedal var i Lindhom inott. Ingerid Stakkeland var hjaa oss inott og Per Andrias Førlandsaas ”derburte”.
Sauen av Osmund lembde i dag. Fekk 2 lamb baade den og Sigrid sin.

Kyrkjegang hørde med til påskehøgtida i alle fall for folket på Seland og Lindhommen. Framleis er det mange som går til kyrkje i påsketida.

Eit nytt trekk er at folk nyttar påsketida til dra utanlands, til Danmark eller til varmare strøk som Gran Canaria eller middelhavsområdet. Lengten mot varme og sommar, driv også fjotlendingar sørover.

Kjenner du til gamle eller nye påsketradisjonar frå bygda, hadde det vore fint om du ville dele dei med lesarane på Fjotlandsrosa.no.

God påske!

PØR

 
Andre aktuelle saker
- Antall besøkende: 1122280 - Online: 14 - Sist oppdatert: 20.02.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart