AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no

Gjøa-namnet i Fjotland

26.03.2010
Gjøa-namnet i Fjotland

Fjotlandsrosa har ei spalte om namn og namnetradisjonar frå Fjotland. Johannes Risnes har sendt oss eit interessant e-brev om mellom anna namnet Gjøa.

Eg har surfa litt rundt på "rosa" og det er vel eigentleg ganske tilfeldig at akkurat dette blir fyrste mailen min til dykk.
Men eg såg at de hadde litt om personnamn i Fjotland, og fann ut at eg har litt å bidra med der. Eitt av dei tidlegaste registrerte kvinnenamna i Fjotland er Gjøa. Det er vel og sannsynleg at Gjøa Larsdotter Kvinlog er fødd på Øvre Kvinlog, og dermed fyrste kjende kvinne frå Fjotland?
Dette skriv Johannes Risnes, som er oppvaksen på Risnes, men no busett i Kristiansand. Han har laga ein tabell over alle berarane av namnet Gjøa han har funne i Fjotland.
Som ein ser der, vart namnet bruka i begge dalføra, frå sør til nord. Tabellen kan du finne her:
 
Om ein ser på dei siste med namnet der, så kan ein vel seie at namnet "døydde ut", bokstaveleg tala. Dei to jentene på Netland som fekk namnet vart jo ikkje gamle, skriv Johannes Risnes vidare. Desse jentene vart fødd i 1807 og 1809, og begge døyde same året som dei vart fødd.
 
Han har også funne ut at namnet ser ut som om det var minst like mykje nytta i Sirdal. Der har han funne den sist registrerte beraren av namnet i bygdene rundt Fjotland. Gjøa Evertsdotter Josdal (1846 - 1917). Gjøa vart gift med Kolben Kolbensson Haugen. Desse to fekk etter kva ein finn i Sirdalsboka ikkje born, så då vart det ein naturleg slutt på bruken av namnet der og.
 
Johannes Risnes skriv vidare:
Elles kan eg legge til at fyrste kvinnenamnet ein finn i Fjotland er Gunhild, eller Gunnhild, som det er skrive i Fjotlandsboka. Gunhild Sigbjørnsdotter var frå Kvinesdal og vart gift på Helle omlag 1500, med Roddu Helle. Så kan hende namnet Gunhild og bør inn i namnelista på Fjotlandsrosa?
 
Denne utfordringa bør vi følgje opp, kanskje dukkar det opp ein artikkel om Gunhild om ikkje lenge i namneleksikonet. Artikkelen som me har skrive om Gjøa finn du her:
 
PØR

 
Andre aktuelle saker
- Antall besøkende: 1122324 - Online: 15 - Sist oppdatert: 20.02.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart