AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no

Bartholomeusdagen

24.08.2009
Bartholomeusdagen

24. august feirer med Bartholomeusdagen. Dagen er kalla opp etter ein av læresveinane til Jesus. Dette er ein av dagane på den gamle primstaven, og den blei mange stadar rekna som fyrste haustdagen.

Dagen var i folketradisjonen mange stader i landet rekna som fyrste haustdagen. Vêret denne dagen varsla korleis hausten ville bli. Somme stader i landet var dette dagen ein reiste heim frå stølen. Også i Fjotland flytte folk på mange gardar opp på stølen, men det var fyrst og fremst for å slå og hausta fôr i utmarka. Det aller meste av fôret til dyrehaldet henta dei gjerne i utmarka. Det kunne variera i kor stor grad heile hyslyden fór til heis og kor lenge dei var vekke før dei reiste ned og gjorde arbeid heime på garden. Per Seland (1981) skriv at kvinnene i nyare tid reiste heim kvar kveld for å samla inn og molka buskapen og så sleppa dei ut att i bumarka tidleg neste dag før dei fór på heia att.

Les meir om Bartholomeusdagen her

Dei andre dagane på primstaven kan du finne ved å følgje denne lenka:

 
Andre aktuelle saker
- Antall besøkende: 1173675 - Online: 27 - Sist oppdatert: 27.06.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart