AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no

Nils Ro demonstrerer den ferdige langeleiken

18.03.2009
Nils Ro demonstrerer den ferdige langeleiken

Nils Ro demonstrerer den nye langeleiken han har bygd til kollega Svein Arne Myhren. Det er langeleik nr 21 frå hans hand. Langeleiken er ein kopi av den Torgrim Knaben (1768-1836) laga til dåpsdagen til dottera Turi i 1817.

Ved tredje besøk hos den duglege langeleikbyggjaren på Gjemlestad i Austerdalen, kunne vi få sjå den ferdige langeleiken slik den no blir levert til kunden.

Då vi var hos Nils Ro 12. januar var det berre eit emne han kunne vise fram, slik tok det seg ut:

 

Det var forma som tyda på at dette skulle bli ein langeleik. Men då vi fekk kome tilbake nokre veker seinare, tidleg i februar var mykje av den særmerkte karveskurden utført med stø hand.

 

Det flotte hovudet som står bak på langeleiken, og stemmeskruvene, var nå ferdige og sjølve emnet var i ferd med å få si form. Så 2. mars fekk vi melding om at langeleiken var ferdig til levering. Det var spennande å kunne få sjå resultatet, av nærare to månadars nitid arbeid.  

Slik ser den 21. langeleiken ut frå Nils Ro. Tidlegare skreiv vi at dette var nr 17, men ved nærare oppteljing har han kome til at dette var nr 21. Det er den også merka med på undersida. Der er det skrive:

Kopi av langeleik, laga av Torgrim Knaben i 1817.

Kvinesdal 2009
Nils Ro

Vi er imponerte over det flotte arbeidet Nils Ro har lagt ned. Sjå også desse artiklane Ein langeleik tar form og Langeleik med spennande karveskurd.

Per Øistein Rogstad

 
Andre aktuelle saker
- Antall besøkende: 1173693 - Online: 20 - Sist oppdatert: 27.06.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart