AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no

Årsskrift nr 24 frå jubilanten Kvinesdal historielag

23.02.2009
Årsskrift nr 24 frå jubilanten Kvinesdal historielag

Historia til Rafoss hotell, om kunstnaren Marcellus Førland på Utsikten og utdrag frå dagboka til Peder Stakkeland, er noko av det du finn i Kvinesdal historielag sitt årsskrift, det 24. i rekka, som kom nå i februar.

Det første årsskriftet kom ut i 1986, og sidan har historielaget trufast gjeve ut eit årsskrift kvart år. Me gratulerer historielaget med det viktige lokalhistoriske samlingsarbeidet som årsskrifta representerar.
Det er eit livskraftig lag som kan markere 25 års jubileum. Då Kvinesdal historielag starta opp i 1984, var det bare 32 medlemmer i laget. I jubileumsåret er det  meir enn 1100 medlemmer. Det betyr at kvar femte kvindøl er med i historielaget, og det er imponerande.
For oss i Fjotlandsrosa.no er årsskrifta ei god kjelde til lokalhistoria.
I heftet i år er det eit utdrag frå Peder Stakkeland si dagbok. Indremisjonspredikanten frå Stakkeland som døyde i 2000, budde og arbeidde sju år i Finnmark frå 1949-56. Det er frå desse åra dagboksnotata er henta frå i årsskriftet 2009. Det er dottera Turid som er ansvarleg for utdraget frå dagbøkene. Dagbøkene gjev eit interessant bilete av predikantlivet til Peder Stakkeland i desse åra.
Årsskriftet blir sendt til alle medlemmer. Andre interesserte kan ta gå inn på nettstaden www.kvinesdalhistorielag.no eller kjøpa det på, Kvina Fotosenter, Servicetorget Rådhuset og Knaben Landhandel.
PØR

 
Andre aktuelle saker
- Antall besøkende: 1173695 - Online: 10 - Sist oppdatert: 27.06.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart