AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no

Langeleik med spennande karveskurd

03.02.2009
Langeleik med spennande karveskurd

1. februar fekk me kome attende til Nils Ro og sjå langeleiken han lagar til Fjotlandsrosa.no sin Svein Arne Myhren. Langeleiken er i ferd med å bli ferdig og mykje av den flotte karveskurden er gjort.

 

Dette flotte kvinnehovudet skal pryde langeleiken som Nils Ro på Gjemlestad i Kvinesdal er i ferd med å fullføre for Svein Arne. Det er godt handverk av den erfarne langeleikbyggjaren. Dette er den 17 i rekkja frå hans hand. Hovudet er ein kopi av det som pryder langeleiken Torgrim Knaben (1768-1836) laga til dåpsdagen til dottera Turi i 1817. Den langeleiken er ein av fire kjende langeleikar som framleis finst, og som ein trur har opphav frå Fjotland.

 

Slik så emnet ut, då vi besøkte Nils Ro måndag 12. januar. Ein velvillig langeleikmakar tok kontakt med oss og lét oss kome attende tre veker seinare for å sjå kva som har skjedd. Nå er kvinnehovudet på plass, det same er strammeskruane og sadlane som skal halde oppe strengane. Til venstre er det frest eit spor som skal gje plass til notene som er små treklossar som plasserast med ulik avstand. Notene ligg under to av strengane, og plasseringa av dei sørgjer for stemminga av instrumentet.

 

Det blir spennande å sjå den ferdige langeleiken om nokre veker. Vi kjem attende med fleire bilete av den ferdige leiken.

PØR

 
Andre aktuelle saker
- Antall besøkende: 1043598 - Online: 17 - Sist oppdatert: 25.06.2019 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart