AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no

Ein langeleik tar form

15.01.2009
Ein langeleik tar form

Nils Ro på Gjemlestad i Kvinesdal er i gong med å lage nok ein langeleik. Denne gong er det Svein Arne Myhren som er oppdragsgjevar, og fjotlandsrosa har fått lov til å følgje prosessen. Ingressbilete blei tatt måndag 12. januar.

Langeleik er eit av dei meir særmerkte folkemusikkinstrumenta som var vanleg i Fjotland. Instrumentet med 5 eller 6 strengar var mykje i bruk i tidlegare tidar. Nils Ro på Gjemlestad har tatt utfordringa og bygger langeleikar, kopiar av gamle fjotlandsinstrument.

Me har fått løyve til å følgje hans siste prosjekt. Svein Arne Myhren i Fjotlandsrosa.no har bede han lage ein langeleik til seg. Det er ein kopi av langeleiken som Torgrim Knaben (1768-1836) laga til dåpsdagen til dottera Turi i 1817. Fire lange og to kortare strenger er å finne på denne langeleiken. Denne leiken var måla  grå med teksten i raudt: ”Turi Torgrim Dotter Knaben 1817”. Ein liknande langeleik er å finne på Norsk Folkemuseum, den blei kjøpt inn i 1921.

Nils Ro som har bakgrunn som mellom anna teknisk teiknar, har laga detaljerte arbeidsteikningar både av desse to og den som er å finne på Bergen Museum. Alle tre spennande langeleikar som kan ha røter i Fjotland. Langeleiken på Bergen museum er sagt å kome frå Knaben i Fjotland.
- Denne har berre fem strengar, og det kan tyde på at den er eldre enn den Torgrim Knaben laga i 1817. Problemet er at museet manglar datering på han. Leiken er særs lik ein annan langeleik som kjem frå Skeie i Eiken. Den dukka opp på ein auksjon i Holt for nokre år sida, og er no i privat eige. ”Torgir Siursen Skeye Ann. 1785” står det måla på han. Om det er Torgir som har laga han eller om han fekk den laga til seg, det er ikkje lett å seie. Han var fødd i 1763, og flutte etter kvart til Kristiansand.  Langeleiken kom seinare til Holt ved Tvedestrand der den til slutt kom på auksjon etter eit eldre søskenpar. Det er ikkje umogleg at denne langeleiken kan kome frå Knaben, og frå same hand som den som nå er på Bergen Museum, meiner Nils Ro

Langeleiken han er i gang med no er nr 17 eller 18 frå hans hand. Det er eit møysommeleg stykke arbeid å lage ein langeleik. Utgangspunktet er eit heilt granstykke. Så langt har han laga til emne til den nye langeleiken, og tatt til å frese ut for resonanskasse. Me kjem tilbake med fleire bilete frå prosessen.
PØR

 

Nils Ro demonstrerar gjerne korleis ein spelar på langeleik. Dette er ein kopi han har laga tidlegare av langeleiken som Torgrim Knaben laga i 1817.

 
Andre aktuelle saker
- Antall besøkende: 1043541 - Online: 13 - Sist oppdatert: 25.06.2019 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart