AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no

Godt jol!

23.12.2008
Godt jol!

Me ønskjer alle fjotlendingar og fjotlandsvener ei velsigna jolehøgtid og eit fredfylt nytt år. Me takkar for alle tilbakemeldingar og for godt besøk på nettsidene dette fyrste halvåret fjotlandsrosa.no har vore i drift. Trykk på biletet av fjotlandskykja for ei lita jolehelsing!

Som ei jolehelsing til lesarane våre har me funne fram eit lite vers etter den skrivande fjotlendingen Øyu Andreas Bergeson Bergesli (1838-69). Han var bonde på Bergesli i Fjotland og lærar, og han var kjent som ein ordkunstnar. Det finst m.a. fleire songar, salmar og vers etter han, både på dansk og på bygdemål. Øyu Andreas Bergesli døydde midt i livet, av lungebrann, men lét etter seg mykje som ettertida kan gle seg over.

Tænk Ordet blev Kjød,
I Krybben han ligger av Jomfruen født.
Det er mig en sikker, uryggelig Trøst,
At Guddom og Manddom mig haver forløst.
Nu kan jeg faa hvile i Faderens Skjød,
Thi Ordet blev født.

Godt jol!
Helsing
Per Øistein Rogstad og Svein Arne Myhren

Kjelder:
Johan Jerstad: Fjotland. Lesebok 1964
Johan Jerstad/Tor Veggeland: Fjotland. Gards- og ættesoge 1979

 
Andre aktuelle saker
- Antall besøkende: 1173679 - Online: 27 - Sist oppdatert: 27.06.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart