AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no

Fjotland i tal på 1940- og 50-talet

04.10.2008
Fjotland i tal på 1940- og 50-talet

Kor mange stølsslåttar og utslåttar var det i Fjotland i 1949, eller kor mange hestar og geiter var det i bygda dette året? Kva var nettoutflyttinga frå Fjotland 1947-1950? Fjotlandsrosa presenterer no, for fyrste gong i elektronisk form, tvo kjelder som fortel om tilstandane i Fjotland på 1940- og 50-talet som mellom anna gjev lesarane svar på desse spørsmåla. Dette var kan henda spørsmål du ikkje har grunna på så lenge - i alle tilfelle finn du mykje spennande om samfunnstilhøva i bygda denne perioden ved å lesa meir her...

Kjeldene som kan svara på desse spørsmåla og mange andre spørsmål om samfunnstilhøve i Fjotland i denne perioden, er leksikonartikkelen om Fjotland frå leksikonverket Norsk Allkunnebok og eit offentleg dokument knytt til arbeidet til Kommuneinndelingskomiteen, den såkalla Schei-komiteen, frå 1954.

Dette er kjelder fulle av tal. Her er statistikk, og her er prosenttal. Desse kjeldene fortel om bygda på den offisielle måten. 

Begge kjeldene som fortel om bygda Fjotland på 1940- og 50-talet, er dei tvo fyrste i ei rekkje av fleire eldre kjelder om bygda som me no ønskjer å gjera tilgjengelege elektronisk på fjotlandsrosa.no.

 
Andre aktuelle saker
- Antall besøkende: 1148958 - Online: 12 - Sist oppdatert: 20.02.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart