AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no

Når såg du hårflåkså sist?

15.09.2008
Når såg du hårflåkså sist?

Du er kanskje ikkje heilt sikker på kva ei hårflåksa er? Det er truleg ikkje så mange som bruker det namnet i Fjotland i dag. Ei 'hårflåksa' er det same som skinnvenge eller flaggermus. Men det er gjerne mange andre ord på livet i naturen som blir nytta i Fjotland som ikkje finst alle andre plassar? Har du lyst til å bidra i ei uformell innsamling av namn på dyr, fuglar, blomar og anna liv i naturen? Trykk på libben til venstre, så fær du vita meir!

Bli med på ordsamlinga!

Fjotlandsrosa.no prøver å sparka ei gang ei lita innsamling av ord. Me byd inn fjotlendingar og andre som kjenner fjotlandsmålet til å koma med namn og nemningar på livet i naturen.

Ei lita og førebels ordliste finn du her. Om du ønskjer bidra, bed me om at du tek kontakt på sam@fjotlandsrosa.no eller pr@fjotlandsrosa.no. Du kan òg ta kontakt på gjesteboka. Alle som bidreg blir godskrive bidraget på nettstaden, om dei ønskjer det!

 
Andre aktuelle saker
- Antall besøkende: 1178095 - Online: 15 - Sist oppdatert: 27.06.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart