AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no

Bjørka kom fram

31.08.2008
Bjørka kom fram

Laurdag 30. august fekk fjotlandsfloraen eit spennande tilskot. Ei særmerkt bjørk blei då planta på Lindhommen, garden som Ivar Aasen gjesta 26.-27. juli 1858. Treet blei planta av Kåre Egebø som har garden i dag og Dag Runar Egeland frå Kvinesdal Mållag på Kulturdagen i Lindhommen 30. august.

I alt er det laga 300 genetiske kopier av det gamle tuntreet frå heimegarden til Ivar Aasen. Eit av desse trea er no å finna i Lindhommen. Treet er meir reisevant enn dei fleste tre. Treet kjem frå ein planteskule på Biri, nord for Gjøvik. Derfrå blei det sendt til Aasentunet ilag med "syskena" sine.

For å koma til Fjotland frakta ein av dei tilsette ved Aasentunet treet til Bergen for å overlevera det til Svein Arne Myhren. Han tok så treet heim til Fusa der han bur, vidare fekk treet reise austover til Telemark, før turen gjekk til Engedal i Fjotland tidleg i juli. Treet fekk vera der eit par veker, før det blei flytta nokre kilometar til Monan ved Kvinlog. Først 30. august enda reisa i Lindhommen, der det blei planta på garden som Ivar Aasen gjesta i 1858.

Les meir om treet her: 

PØR

 

 
Andre aktuelle saker
- Antall besøkende: 1213906 - Online: 22 - Sist oppdatert: 22.09.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart