AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no

Aasen-bjørka i Fjotland

24.06.2008
Aasen-bjørka i Fjotland

I slutten av august 2008 fær Fjotland eit tilskot til den lokale floraen. Ei bjørk skal plantast i høve 150-års minnet for Ivar Aasen si innsamlingsferd til Fjotland og Vest-Agder i 1858. Men det er ikkje kva for helst tre det er tale om. Treet som blir sett ned i fjotlandsk jord er ein genetisk, autentisk avleggjar av den gamle tunbjørka i Åsen i Hovdebygda på Sunnmøre – Ivar Aasen sin heimstad.

Bjørka i Aasen-tunet

På nynorsk kultursentrum side nettsider kan ein  lesa dette om det gamle tuntreet i  Aasen-tunet: ”Den gamle, store bjørka i Aasen-tunet var det nynorske tuntreet. Ved sida av Kongebjørka i Molde må dette ha vore den mest kjende bjørka i landet. Treet var stort alt då Ivar Aasen, fødd 1813, var liten. Han skildra treet som eit barndomsminne i diktet ”Gamle Grendi” i 1863: ”Tett med Stova stod ei Bjørk so breid, / der hadde Skjorerna sitt gamle Reid”.

 

Storebjørka må ha vore på sitt finaste kring 1900 og frametter. Utover i 1960-åra tok treet til å skrante, og med 2000 kr frå Norsk kulturråd fekk museumsstyret vølt bjørka i 1972. Nyttårsorkanen tjue år seinare gjorde ingen skade, og bjørka stod ganske frisk då Aasen-tunet blei opna i 2000. Nokre stormkast i oktober 2004 var det som skulle til, og restane av treet blei tekne ned 16. november 2005.

 

Alt før påske same året var det sendt ei mengd friske skot frå storebjørka til Biri planteskole. Dei klona fram om lag 300 plantar som er biologisk like det gamle treet. Etter åtte månader var desse nye plantane om lag 20 mm høge, og våren 2008 var nokre av dei over ein meter høge.”

 

 

Aasen-bjørka har fare vide ikring - slik som Ivar Aasen. Her er treet fotografert under ei lengre mellomlanding på Holmefjord i Fusa i Hordaland. (Foto: Svein Arne Myhren)

Kongeleg bjørk

Den 30. april i år blei éi av dei klona bjørkene planta i Aasen-tunet av kronprins Haakon i høvet opninga av ny utescene i Aasen-tunet.

 

Vidreist tre til minne om vidreist mann

Så skal altså éi av desse bjørkene få plass i Fjotland som eit symbol på Ivar Aasen og det arbeidet han gjorde då han reiste landet ikring og samla og skapte det nynorske skriftspråket. Det han fekk frå folk han møtte, gav han attende i form av eit skriftspråk bygt på folkemålsgrunn. Plantinga av Aasen-bjørka i Fjotland er ei symbolhandling. Ein ønskjer å peika på nynorsken som eit livskraftig språk. Handlinga kan ein òg lesa som eit ønskje om at Fjotland framleis skal vera ein del av nynorskens skog i Noreg.

 

Før bjørka kjem til Fjotland, har ho noko tilfeldig, men likevel av ymse praktiske grunnar hatt seg ein rundtur i landet vårt. Frå det blei drive fram på Biri i Oppland, har det vore attende i Aasen-tunet i Ørsta. Det har sidan blitt frakta via Bergen til Fusa i Hordaland, gjennom Telemark og langs Agder-kysten og inn til Fjotland. Treet blir planta i Lindhommen der Ivar Aasen budde då han var innom i Fjotland 26. og 27. juli 1858. Plantinga skjer 30. august under jubileumsmarkeringane for nynorsk i Fjotland siste helga i august.

 

Turen bjørka har hatt, kan nok ikkje måla seg med reiseverksemda til Ivar Aasen sjølv, men ein skulle meina det ikkje er så verst til å vera eit tre. Så vonar me at dette treet kan veksa seg stort og kanskje bli like gamalt og stort som det minst 200 år gamle tuntreet i Åsen nådde å bli.

SAM

 

Kjelde:

http://www.aasentunet.no

 
Andre aktuelle saker
- Antall besøkende: 1120882 - Online: 6 - Sist oppdatert: 20.02.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart