AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no

Fjotlendingane markerer tre jubileum i eitt i august

06.06.2008
Fjotlendingane markerer tre jubileum i eitt i august

Fredag 29.august er det klart for konsert med Odd Nordstoga på Kvinlog skule. Det markerer starten på eit storstilt måljubileum i Fjotland. Tre måljubileum blir markerte denne helga. I tillegg til konsert med Odd Nordstogad står kulturdag og jubileumsgudsteneste, på programmet.

Det er Kvinesdal mållag som stend bak arrangementene i samarbeid med Kvinesdal historielag og Fjotland sokneråd. I løpet av helga skal tri historiske hendingar markerast:
Sommaren 1858 reiste Ivar Aasen på samlarferd gjennom Indre Agder. 26. juli kom han til Lindhommen i Fjotland. Der fekk han nattelosji hjå ”Tosten” i Lindhommen. Denne sommaren reiste Aasen gjennom dei indre stroka av agderfylka. Det er ikkje mykje å finna om besøket i Lindhommen i dagbøkene til Aasen. Han skreiv bare: ”Fra Tonstad tilvands til Strandalid (1 1/2). Derfra med en Fører over Heiden til Lindhom i Fjotland ( 1 1/4). Tildeels Uveir. Torstein Lindhom meget snaksom.”
I 1908 gjekk fem av skulekrinsane i bygda over til landsmål som opplæringsmål. Dermed var fjotlendingene blant dei første her sør som valde landsmålet i skulen.
Som fyrste kyrkjelyd i Vest-Agder, tok Fjotland i bruk landsmålet som liturgispråk i 1918. Vedtaket blei gjort på gudstenesta 1. sundag i advent året før. Så tidleg som i 1905 var det blitt brukt landsmål i Fjotland kyrkje. Den gongen markerte det oppløysinga av unionen med Sverige. Dåverande sokneprest Rasmus Høyland held fram med å preika på landsmål til han reiste frå bygda i 1912.
Det startar på fredagen blir det konsert med den kjende trubaduren Odd Nordstoga. Enny og Helene Stulien Lauen blir også med på konserten. På laurdagen blir det kulturvandring frå Krågeland til Lindhommen, med påfylgjande kulturdag i Lindhommen. Dei som ikkje ønskjer å gå turen, kan reisa rett til Lindhommen. Garden ligg like nord for Kvinlog.
I Lindhommen blir det kåseri med Andreas Hompland, historisk foredrag om Ivar Aasens reise ved Svein Arne Myhren. Musikk blir det også med mellom andre Sverre Eftestøl, Wenche Hunsbedt Svindland og Oddbjørn Stakkeland.
Sundag er Fjotland kyrkje sentrum for markeringa. Då blir det festgudsteneste med song av Randi Helle. På kyrkjekaffien etterpå blir det jubileumskake.

(Bilete: Ivar Aasen, 1871. Foto: Nynorsk kultursentrum)

PØR

 
Andre aktuelle saker
- Antall besøkende: 1178177 - Online: 17 - Sist oppdatert: 27.06.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart