AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no

Kyrkjeskyss i oldefars karjol

04.06.2008
Kyrkjeskyss i oldefars karjol

Konfirmanten Kine Eiesland Holen hadde ein litt "utradisjonell" heimtur frå konfirmasjonsgudstenesta i Fjotland kyrkje sundag 31. mai. Saman med mor Kari og litlesyster Rita køyrde ho i oldefars karjol.

Vêret var svært godt, og hesteskyss var eit godt val.
Kine er som mange unge jenter oppteken av hest, og det var difor ikkje noko unaturleg val å få ein av hestane på  garden deira på Eiesland; Vicky Angle, til å køyra ho heim på den store dagen. Karjolen som ho køyrde i, kjøpte oldefaren hennar rundt 1920.
Bestefar Jakob B. Eiesland (93) tykte det var moro at barnebarnet valde karjolen til konfirmasjonsdagen.
- Eg hugsar godt då far kom trekkjande heim med karjolen. Den dagen var det han som måtte vera hest, fortel han med glimt i augo.
Det var fire konfirmantar i Fjotland kyrkje denne flotte maisundagen. 2. pinsedag blei to unge fjotlendingar konfirmerte i Netlandsnes kapell.

PØR

 

 
Andre aktuelle saker
- Antall besøkende: 1213907 - Online: 23 - Sist oppdatert: 22.09.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart