AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no

Fjotlandsdagen 2019

27.03.2019
Fjotlandsdagen 2019

Randi Helle og Fredrikke Wikøren blir med på Fjotlandsdagen 30. juni 2019

Fredrikke Wikøren og Randi Helle er to fjotlandsjenter som har vakse opp på Kvinlog og på Plasse. Fredrikke bur no i Oslo, der ho arbeidar som kunst- & handverkslærar. Randi bur i Kvinesdal og er lærar på Liknes skole. Dei er syskjenborn og er borneborna til Fredrikke og Jakob Helle som budde på Kvinlog. I barndomen var det mykje moro og song hjå besteforeldra deira. Når det var gjestebod, stilte borna seg opp i trappa i ganga opp til loftet og song. Dei leika at dei song i kor. Jakob kunne reisa seg opp i stova og synga, dette til glede for både vaksne og born. Ei av songene dei hugsar godt at han song var Håvard Hedde. Heilt sidan den gong har musikk, song, kunst og kreativitet prega livet deira. 

Hausten 2015 byrja dei å drøyma om å laga ei forestilling. Dei ynska å fabulera over kva spor røtene, familien, mennesker dei har møtt, opplevingar i oppveksten, musikken og det å vaksa opp i Fjotland har betydd for dei og kven dei er. Det skulle bli ei slags musikalsk reise gjennom livet. Vinteren 2019 vart forestillinga «Spor, ei reise i toner og ord» til.

På forestillinga i Kvinesdal kulturhus laurdag den 14.09.2019 vil publikum få oppleva både song og dialog framført med alvor, skjemt og sprell! Det vil bli ulike sjangre med barnesongar, viser, populærmusikk, country og klassisk. Med seg til å akkompagnera har dei musikarane Oddbjørn Stakkeland på flygel og Lars Lundevall på gitar.

På Fjotlandsdagen på Fjotland bygdemuseum den 30.juni 2019, vil Fredrikke og Randi visa eit lite utdrag frå forestillinga «Spor, ei reise i toner og ord». Oddbjørn skal akkompagnera.

 
Andre aktuelle saker
- Antall besøkende: 1051660 - Online: 25 - Sist oppdatert: 25.06.2019 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart