AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no

Fuktig Fjotlandsdag

28.06.2017
Fuktig Fjotlandsdag

Dokketeater, smiing, hesjing og balansering på slakk line var nokre av tilboda på årets Fjotlandsdag. Om lag 120 var til stades på Bygdetunet i regnvêret 25. juni.

Nytt av året var balansering på slakk line, hesjiing og dokketeater. Gunvald Vatland sørga for at smia blei tatt i bruk i år som i fjor. 

I regnvêret var det nok ekstra kjekt for dei minste å kunne gå inn i skulehuset på museet å sjå dokketeaterforestilllinga "Kaspar og krokodillen" med Mette Wernøe. Det var eit populært innslag. Mette og mannen Kjell har hytte i Lindhommen i Fjotland, og dei har feriert i bygda i meir enn førti år.

Det musikalske innslaget stod trioen med Lars Mølll Kleiven, Kristian Frostad og Sven Eivind Stakkeland for. Eit spennande møte med tre unge menn i sjangeren visepop med norske tekstar.

Helga Narvestad, Leiv Knibestøl og Galib Mammadov hadde utstillling, Anne Eftestøl kjørte hest med dei minste. Mange deltok på naturstien, og fotokonkurransen var eit populært innslag.

Matserveringa var det Torvløbakkan gard og ungdomsskuleelevar frå Kvinlog skule som stod for.

Det blei ein flott dag - trass i at vêret ikkje var det beste.

 
Andre aktuelle saker
- Antall besøkende: 863846 - Online: 64 - Sist oppdatert: 28.06.2017 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart