AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no

Alt klart for Fjotlandsdagen

19.06.2017
Alt klart for Fjotlandsdagen

Sundag 25. juni er det igjen klart for Fjotlandsdagen.

 Om ei veke åpnar årets Fjotlandsdag! Under gudstenesta i kyrkja kl 11 blir det svingande gospel ved Torhild Larsen Nygård, Liv Torhild Kvinlog Sindland og Oddbjørn Stakkeland. På bygdetunet blir det konsert av Sven Eivind Stakkeland og hans dyktige musikervenner: Lars Møll Kleiven og Kristian Frostad frå Kristiansand. Gled dere!

Håper du kjem sulten! Då kan du kjøpe rømmegraut av Torvløbakkan gard, eller om du heller vil gå for varianten pølser og lapper som 9. klasse frå Kvinlog skule serverer (og du støtter Polenturen deira). Bruk dagen til å prate med venner og kjente og ver med og bidra til at alle får ein fin sundag!

Ta med barn og barnebarn og nyt dagen ilag med storfamilien. For første gong blir det dokketeater på Fjotlandsdagen! Anne kjem med hest og kjerre, det er bare å hive seg oppi. Husker du "slå på ringen" og kor moro det var når "alle" var med? Søndag prøver me å gjenskape den stemninga i lag. Eller kanskje du var flink å gå på stylter? Nå får du ein ny mulighet. 
Det blir sporleik som passer for alle - og du kan få vere med å sette opp årets hesje. Her er det plass for både nybegynnere og dei som ennå har trevler i nevene etter mange års slåttearbeid. Ole Tom tenner opp i smia og er klar for å demonstrere og ta imot gode råd frå deg som har smidd før.
Er du blandt dei yngre - eller blandt dei som uansett held deg ung? I bakken mellom Engedalsløa og scenen blir det sett opp slackline - premie til den som kjem over heile lina utan å måtte ned i bakken. Det ser lett ut, men....
Dei ulike husa på bygdetunet er åpne og det er mye å sjå på. Kanskje finn du igjen barndommens minner og litt nostalgi innomhus?

Me er veldig stolte av kunstnarane som deltek i år: Helga Narvestad, Leiv Knibestøl og Galib Mammadov. Ulike i uttrykk og bilder - regner med at fleire finn noe dei har lyst å kjøpe og ta med heim! Ta turen innom Åmlandhuset og Stakkelandsbua.

Frå den nybygde scenen blir vi også kjent med to slåttekarar (Tønnes T Kvinlaug og Gunvald Vatland) som vil fortelle både skrøner og sant frå bygdelivet i Fjotland. I tunet står det gamle staselege bilar. Har du ein veteranbil eller traktor ståande? Kanskje neste søndag er dagen du kjører den til Fjotland? Alle sjåførar av kjøretøy som er meir enn 40 år gamle kjem gratis inn; )

For dei som har for mye eller for lite pengar - det blir mulig å slå av ein prat med Banken - som er vår sponsor. Til fotokonkurransen er det så langt kome inn 58 bilder. Siste frist for innsending er måndag 19.6. kl 2359. Vinnerbildet premieres med gavekort på kr 2000 frå Handelshuset Kvinesdal (sponsa av Banken). Juryen får ein vanskeleg oppgåve i å kåre vinnarbildet. På Fjotlandsdagen kan du stemme på din favoritt - den som får flest stemmer får ekstrapremie!

Då er det bare å glede seg til ein sundag på Fjotland!! Det kostar bare ein hundrelapp å kome inn (barn under 16 år går gratis). Er du av dei som ikkje brukar kontantar lenger, har me både terminal og Vipps.

 

 
Andre aktuelle saker
- Antall besøkende: 863847 - Online: 65 - Sist oppdatert: 28.06.2017 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart