Sundag 25. juni er det klart for Fjotlandsdag på Fjotland Bygdemuseum. I år som dei tre siste åra er det Fjotlandsrosa som arrangerar Fjotlandsdagen. Fjotlandsdagen er ein del av Utvandrarfestivalen som holdast i Kvinesdal frå 24. juni - 2. juli.
Portane opnast kl 12.00 25. juni på Fjotland Bygdemuseum. Kl 11.00 er det gudsteneste i Fjotland kyrkej.
Det blir eit flott program med musikalsk innslag fra Sven Eivind Stakkeland som for tida studerar musikk ved universitetet i Agder. Han har med seg to studiekameratar til Fjotland. Det blir kunstutstilling, demonstrasjon av smiing, opptrinn med nokre gamle rosemålarar og sal av mat frå Torvløbakkan.
Også i år blir det fotokonkurranse i samarbeid med Kvinesdal sparebank. Her blir det gavekort frå Handelshuset Kvinesdal i premier. Vinnarbilete får gavekort på kr 2000, 2. premie kr 1000, 3. premie kr 500. I tillegg blir det ein eigen publikumsfavoritt som får gavekort på kr 500. Tema i år er: "Det gode liv på bygda". Frist for å sende inn bilete er mandag 19. juni. Send inn inntil tre bilete til: pr@fjotlandsrosa.no eller via instagram med #fjotlandsdagen2017. Om du sendar inn via instagram, må du ikkje bruke ein privat konto.
Vi kjem tilbake med meir seinare. |