AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no

Kongens gunst til Sverre

18.10.2016
Kongens gunst til Sverre

Fredag 14. oktober fekk Sverre Eftestøl overrekt Kongens Fortenstmedalje av ordførar Per Sverre Kvinlaug. Sverre er den tiande med tilknytting til Fjotland som har fått Kongens Fortenstmedalje.

 Han fekk den på arrangementet «Utanfor alfarveg» fredag kveld. Det var Sverre sin kveld, der han fortalde om sitt innhaldsrike liv som komponist. Der eit av høgdepunkta var framføringa av musikkverket Gaude ved 125 årsjubileumet til Kristiansand domkyrkje i 2010. Hans musikk har etterkvart blitt framført i mange store katedralar i Europa.

På tampen av ein meget vellukka kulturkveld i Kulturhuset, kom ordførar Per Sverre Kvinlaug fram og tok på seg ordførarkjede. Bodskapen var klar og tydeleg. Nå vår turen komen til Sverre Eftestøl. Ordføraren fekk æra av å henge Kongens Fortenstmedalje på Sverres bryst.

Sverre Eftestøl er dermed den tiande med tilknytting til Fjotland som har fått Kongens Fortenstmedalje. Sverre er ein verdig fortenstmottakar gjennom eit aktivt liv som organist, kulturskulerektor og ikkje minst komponist.

Far til Sverre, Trygve Eftestøl, blei også tildelt Fortenstmedalje i 1982. Sverre vaks opp på Risnes. Han starta musikarkarriere heime på Risnes og seinare i Netlandsnes kapell.

Her er lista over alle dei ti med tilknytting til Fjotland, slik dei er omtala på www. kongehuset.no:

1945 Gardbruker og observatør Jakob O. Risnes
1961 Telefonstasjonsstyrer Anne Malena Skjeie Risnes
1982 Yrkesskolelærer Trygve Eftestøl
1982 Rektor Torvald Kvinlaug
1992 Sykepleier Olaug Norås
1994 Søndagsskolelærer Peder Stakkeland
2010 Idrettsleder Sverre Kvinlaug
2012 Ungdomsarbeider Kjell Sverre Trodahl
2013 Arne Stakkeland, Kvinlog

2016 Organist Sverre Eftestøl

PØR

 
Andre aktuelle saker
- Antall besøkende: 863788 - Online: 8 - Sist oppdatert: 28.06.2017 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart