AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no

Fotokonkurranse 2016

08.05.2016
Fotokonkurranse 2016

Fjotlandsrosa.no og Kvinesdal Sparebank innbyr igjen til fotokonkurranse med flotte premier. Temaet i år er: Friluftsliv. Vinnarane blir kåra på Fjotlandsdagen 26. juni.

Det er tredje gang Kvinesdal Sparebank og Fjotlandsrosa.no samarbeidar om ein fotokonkurranse.  I fjor fekk vi inn 69 bilete fra 32 ulike deltakarar. Det var Cecilie Vatland Ravnevann som vann konkurransen med bilete av sin bestefar Gunvald Vatland.

I år er temaet "Friluftsliv". Frist for å sende inn bilete er mandag 20. juni. Dei kan sendest inn anten via e-post: pr@fjotlandsrosa.no eller via instagram #fjotlandsdagen. Merk at det ikkje må vere frå ein privat konto. Kvar fotograf kan sende inn inntil tre bilete til konkurransen.

Kvinesdal Sparebank  har sponsa med gåvekort frå Handelshuset Kvinesdal.

1. premie er gåvekort  på kr 2000
2. premie er gåvekort  på kr 750

I tillegg blir det kåra ein publikumsfavoritt som også får eit gåvekort på kr 750.

Alle dei innsendte bileta blir vist på Fjotlandsdagen på Fjotland Bygdemuseum sundag 26. juni kl 12-15. Der kan du stemme fram ditt favorittbilete.

Kvinesdal Sparebank og Fjotlandsrosa.no kan bruke dei innsendte bilda i etterkant.

 
Andre aktuelle saker
- Antall besøkende: 863786 - Online: 6 - Sist oppdatert: 28.06.2017 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart