AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no

Irmelinn Stakkeland til årets Fjotlandsdag

07.03.2016
Irmelinn Stakkeland til årets Fjotlandsdag

26. juni er det igjen klart for Fjotlandsdag på Fjotland Bygdemuseum. Irmelinn Stakkeland har i år ein minikonsert.

 Årets Fjotlandsdag blir den tredje i rekka som Fjotlandsrosa.no har ansvaret for. Denne gong blir det eit spennande møte med Irmelinn Stakkeland.

Ho er oppvaksen i Fjotland. Som datter av ein av Kvinesdals fremste musikarar, Oddbjørn Stakkeland, fekk musikken tidleg ein stor plass i livet hennar. Med klassisk utspring har ho utdanna seg innanfor rytmisk musikk med vokal som hovudinstrument. Ho spelar piano, og læraren hennar og mentor i dag er jazzmusikaren og komponisten Egil Kapstad. Difor vil du gjenkjenne det jazzestetiske i nesten alt ho spelar. Irmelinn er kjend for ein sterk formidlingsevne og eit vokalregister som gjer kvar song til noe eige.

Elles blir det m.a. sceneinnslag om amerikansk språkpåverknad, fotokonkurranse og sporleik for å nemne noko. Fleire utstillarar vil også vere med i år også. Torvløbakkan gard og 9. klasse ved Kvinlog skule vil stå for matsalet.

Håpar mange vil sette av dagen sundag 26. juni. Dagen starter med gudsteneste i Fjotland kyrkje kl 11.00. På museumet opnar dagen kl 12.00 med matsal. Vi kjem tilbake med meir når dagen nærmar seg.

 

 
Andre aktuelle saker
- Antall besøkende: 863792 - Online: 10 - Sist oppdatert: 28.06.2017 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart