AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no

Bakedagar i Fjotland

23.12.2015
Bakedagar i Fjotland

Mange joletradisjonar i Fjotland er knytta til baking. John Petter Lindeland har sendt eit lite stykke om korleis mange framleis tek vare på dei gamle mattradisjonane.

 

Flatbrødbaking har lange tradisjonar i Fjotland.  Når potetane (eller jorplan) var trygt forvart i kjellaren og kornet malt på kverna, var tida komen for baking av flatbrød og lepsa.  Det var intensive arbeidsøkter som kunne vara i mange dagar – eller veker.  Sidan denne maten var eit vesentleg innslag i kosthaldet, var det om å gjera å baka så mykje at ein hadde til neste haust.  Flatbrød og lepsa kunne ein mest bruka til alle måltid – også som kaffimat.  
 
Kunnskap frå generasjon til generasjon
Som gutunge gløymer eg aldri eimen som steig opp i frå kjellaren når mamma (Asbjørg Lindeland) og Tora Kvinlaug baka.  Best var det på slutten når dei steikte hellekaker.  Tenk deg varme hellekaker med litt sukker på – og det smittande gode humøret til Tora og mamma.  Sjølv om det var hardt arbeid, trur eg begge kosa seg.  Dei lo, kjevla og steikte og tulla med oss ungar – den tida me fekk lov til å koma inn og forsyna oss.  Samstundes ville dei ikkje bli forstyrra i tide og utide – det fekk me klar melding om.  
Den kunnskapen som dei hadde , både i form av oppskrifter og handlag/teknikk, er heldigvis ført over til neste generasjon – som sikkert også skjer i mange andre grender i Fjotland.  På Netland er det fyrst og fremst broder Tom Arnt Lindeland og Anne Brit Røyland som fører tradisjonen vidare.  Mamma var læremeistaren dei fyrste åra.  Nå kan desse to føra det vidare til oss andre som av og til er inne som gjestearbeidarar.  På ei god langhelg blir det bake opp mot 200 leivar av både lepsa og flatbrød.  Med to bakstebord og to steiketakker går det unna.  Både rulten og ralten, unnasmugaren og smikkedalten er nyttige reiskap som me etter kvart får eit rimeleg godt handlag med.  Om kvelden er det duka for eit godt måltid – sjølvsagt med lepsa/flatbrød og søt eggost.  Betre kan ein ikkje ha det – i lag med gode vener og familie!
 

 
Andre aktuelle saker
- Antall besøkende: 863790 - Online: 8 - Sist oppdatert: 28.06.2017 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart