AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no

Pilgrimskveld med Odd Stakkeland

14.09.2014
Pilgrimskveld med Odd Stakkeland

På pilgrimskvelden på Kvinlog skule 24. september fortalde Odd Stakkeland levande og fargerikt om den 800 km lange pilgrimsturen frå Frankrika fram til den kjende pilgrimsbyen Santiago de Compostela i Spania.

I sommar var me mange som fekk følge Odd si pilgrimsvandring i Spania gjennom daglege oppdateringar på Facebook. Det gav lyst til å høyre meir om milevis vandring i ulikt vèr, om folk han møtte og kanskje også litt om gnagsår... Fjotlendingar og andre kom, og det blei trangt om plassen i skulebiblioteket då meir enn 50 benka seg for å høyre om vandringa.

Gjennom ord og bilete gav Odd ei levande skildring av slit, skjemt og alvor. Han fortalde om interessante personar han fekk møte undervegs. 

Elise Orre og Per Sverre Kvinlaug bidro med song.  Det var innlagt ei god matøkt så folk fekk tid til prate saman, og smake på spennande mat inspirert av spansk tapas.

Det var fjotlandsrosa.no som stod som arrangør av kvelden, og med den response me fekk, er det ikkje umogleg at vi inviterer til eit nytt arrangement seinare.

 

Fleire bilete frå kvelden kan du sjå her:

fjotlandsrosa.no/

 

 

 

 
Andre aktuelle saker
- Antall besøkende: 1122337 - Online: 14 - Sist oppdatert: 20.02.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart