AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no

Aschehougs konversationsleksikon om Fjotland

29.01.2014

Aschehoug har opp gjennom tiden gjeve ut fem sjøvstendige leksikon. Første utgåva kom i seks bind i perioden 1907-1913, men det gjekk berre sju år før dei kom med ein ny utgåve i 10 bind som kom ut frå 1920-1925. Frå denne utgåva har vi fått tak i artikkelen om Fjotland.

Fleire forlag var aktive utgjevarar av leksikon gjennom 1900-talet. Cappelen, Gyldendal, Kringla Heimsins, Norsk konversationsleksikon og Arbeidernes leksikon var nokre i floraen av leksikon. Aschehoug var først ut med ein stor utgåve frå 1907, og fem utgåvar gav dei ut av sitt konversasjonsleksikon fram til 1975. I 1978 gjekk dei inn i eit samarbeid med Gyldendal om Store Norske leksikon, gjennom felles fagbokforlag Kunnskapsforlaget. Første utgåva av Store Norske kom ut frå 1978-1981 i 12 bind. Den førebels siste papirutgåva kom ut i 2005-2007 i 16 bind. Dette er forløparen til nettleksikonet www.snl.no

Aschehoug konversastionsleksikon kom ut i fem ulike utgåvar frå 1907-1975:

1. utgave med titelen Illustreret norsk konversationsleksikon (INK), 6 bind, 1907–1913
2. utgave, 10 bind, 1920–1925, supplementsbind 1932 (tittelen Aschehougs konversationsleksikon)
3. utgave, 15 bind, 1939–1951, supplementsbind 1952 (tittelen Aschehougs konversasjonsleksikon)
4. utgave, 18 bind, 1954–1961
5. utgave, 19 bind, 1968–1972, registerbind 1973; 3. opplag. 1974–75

I Aschehougs konversationsleksikon, bind III, Kristiania 1921, spalte 944, er det ein artikkel om Fjotland kommune. Dette var 2. utgåve som Aschehoug gav ut i perioden 1920-1925.  Elisabeth Seland har hjulpe fjotlandsrosa.no med reinskriving av artikkelen:
Fjotland, frå 2. utgåve bind III Aschehougs konversationsleksikon.

PØR

 

Kjelder:

www.snl.no 

www.lokalhistoriewiki.no

www.wikipedia.no

 


 

 

 
Andre aktuelle saker
- Antall besøkende: 1122329 - Online: 13 - Sist oppdatert: 20.02.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart