AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no

Vi gratulerar Arne Stakkeland med fortenstmedalje

22.10.2013
Vi gratulerar Arne Stakkeland med fortenstmedalje

Mandag 21. oktober fekk Arne Stakkeland audiens på slottet som innehavar av Kongeleg fortenstmedalje. Medalja fekk han overrekt i Kvinesdal kulturhus 17. mai 2013 av ordførar Odd Omland.

Arne Stakkeland fekk Kongens fortenstmedalje av ordførar Odd Omland på kulturfesten 17. mai. Han er dermed den niande med tilknytning til Fjotland som har fått denne æra. På Slottet var han mellom anna saman med kvinesdals sokneprest Leiv Gunnar Skiftun og organist og kordirigent Hanne Fodstad frå Tonstad. Arne Stakkeland fekk utmerkinga mellom anna for sitt livslange virke for song og musikk. Framleis er den vitale 71-åringen ein engasjert dirigent for Scola Vocalis i Kvinesdal, og opptrer som gjesteforelesar i Tyskland. Så seint som i 2011 tok han doktorgraden ved Universitetet i Agder med ein avhandling om stadsmusikantvesenet.

Han er den niande med tilknytting til Fjotland som har fått Kongens Fortenstmedalje:

På www. kongehuset.no er fjotlendingane omtala slik:
1945 Gardbruker og observatør Jakob O. Risnes
1961 Telefonstasjonsstyrer Anne Malena Skjeie Risnes
1982 Yrkesskolelærer Trygve Eftestøl
1982 Rektor Torvald Kvinlaug
1992 Sykepleier Olaug Norås
1994 Søndagsskolelærer Peder Stakkeland
2010 Idrettsleder Sverre Kvinlaug
2012 Ungdomsarbeider Kjell Sverre Trodahl
2013 Arne Stakkeland, Kvinlog

Bilde av Arne Stakkeland er lånt fra Radio Kvinesdal.

PØR

 
Andre aktuelle saker
- Antall besøkende: 1150525 - Online: 15 - Sist oppdatert: 20.02.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart