AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no

Årskrift 2013 Kvinesdal Historielag

15.04.2013
Årskrift 2013 Kvinesdal Historielag

Kvinesdal Historielag kom i år ut med årsskrift nr 28. Eit interessant blad med fleire interessante artiklar. Det er eit imponerande arbeid som blir lagt ned i skriftet. Laget hadde 1297 medlemmer ved årsskiftet.

Av innhaldet vil vi særleg trekke fram  intervjuet med Jakob Berntson Eiesland (f.1915). Jakob B. fortel minner frå eit langt og aktivt liv både i poilitikk og samfunnsliv. I 28 år var han kasserar i Fjotland Sparebank. Han var også sterkt engasjert i striden om tvungen kommunal renovasjon.

Syvert Galdal (f. 1926) har skrive nokre minne frå oppveksten på Galdal frå 1930 og frammetter. Eit viktig tidsdokument frå tida før velstanden velta innover landet vårt.

Av anna fjotlandsstoff kan nemnest artikkelen til Anstein Dyrli Lohndal om follogsordninga i Feda, Kvinesdal og Fjotland sokn. Follog (kår) har røter tilbake til høgmiddelaldaren i følgje Lohndal. Det var ei ordning for mellom anna ta hand om dei eldre, og det var ei juridisk bindande avtale i første rekke mellom tilårskomne ektepar og eldste sonen. I artikkelen har han tatt med døme på kontraktar frå alle sokna i Kvinesdal. I 1779 selte Tore Ånenson Vordalen bruket sitt i Vordalen til syster si Ingeborg Ånensdatter Tore si syster,  og mannen  hennar Hans Larsson. I salet var inkludert follog til Siri Pedersdotter, mor til seljaren.

Evald Døhl har ein artikkel om Knaben Grubearbeiderforening 1927-1952, og han var sjølv foreinga sin formann i ved 25-årsjubilleet i 1952. Nemnest må også Jens Terje Rafoss sitt friske ungdomsminne, karen har trass alt ei mor frå Engedal.

PØR

 
Andre aktuelle saker
- Antall besøkende: 1175062 - Online: 13 - Sist oppdatert: 27.06.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart