AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no

"På heimlege traktar" i Fjotland kyrkje

24.06.2012

Det blei ein flott "På heimlege traktar" konsert i Fjotland kyrkje i kveld. Konserten skulle ha vore på bygdetunet, men på grunn av vêret valte arrangørene å søke ly i den flotte kyrkja i Fjotland.

Konserten var eit spennande initiativ frå Bjørn Wikøren og Per Sverre Kvinlaug. På museet hadde Gunnvald Vatland laga til ein en scene til aktørane (sjå nedanfor), men den må kunne nyttast seinare.

 

Det blei ein ekte countrykonsert og felles for alle hovudaktørane var at dei har vakse opp i Fjotland. Først ute var Arny Egeland som trådde sine barnesko i Vigjæ ikkje langt frå kyrkja. Deretter var det storesyster til Bjørn, Arnhild Wikøren som heldt fram i same sjanger som Arny. Begge to er gode songarar som framførte kjende countrysongar til glede for alle dei 360 frammøtte. Deretter kom kveldens yngstemann, Per Sverre Kvinlaug, og han hadde ein avdeling med kjende perlar frå Bjørn Eidsvåg. Det gav konserten ein god variasjon. Så var det tid for Bjørn Wikøren som opna med Johnny Cash til ære for Gunnvald Vatland.

Bjørn er ein scenevant underhaldar som tok publikum med storm. Konserten blei avslutta med eit fellesnummer med alle songarane.

Solide musikarar med lokal forankring sørgja for eit godt lydbilete i samarbeid med lydmann Ole Hansen. Oddbjørn Stakkeland på tangenter; Audun Ramo, bass, Thomas Gallatin, trommer, og gjestegitarist Tor Kristian Klepp frå Egersund.

Bilete frå konserten kan de sjå her:

 
Andre aktuelle saker
- Antall besøkende: 1173697 - Online: 8 - Sist oppdatert: 27.06.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart