AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
Kvinlog skule vinteren 1952/53
Publiseringsdato: 29.03.2010

Tønnes T. Kvinlaug minnest songen som lærar Tobias Lindefjell skreiv til skulejoletrefesten i 1952. I den tida var det strid om inndelinga av skulekrinsar:

Det hadde vore ein del diskusjon om folkeskulens framtid i Fjotland. Striden gjekk på anten å behalda dei små skulekrinsane, eller sentralisera, d.v.s. å samla ungane heilt frå Netland til skule på Kvinlog. Dette utløyste den dikteriske åra til læraren min, Tobias Lindefjell.

Songen som eg no skal referera til her, vart skriven til skulejoletrefesten 1952.

Eg vart 13 år tredje joledag.

Det var meininga at sonen Torbjørn og eg skulle syngja den, men Torbjørn trekkte seg og Olav P. Stakkeland vart med i staden.

Me fekk så stor applaus at me laut syngja han 2 gonger. Diverre er teksta komen bort så eg tar med det som eg har i minnet.(det er jo nokre år sidan)

I fyrste verset hugsar eg berre dette:

 

”Det er så mykje som går for seg nå for tida, så det er kje lett å kunna fya mæææ—

 

Kanskje dette var andre verset:

 

Her i verda er det nok så laga at det gjenge både opp og nee-

Oppe på Netland tykte dei det va ei plaga at ikkje skulestyret kunne få det teee-

Men så blei det som i gamle daga, med å traska opp og nee-

Endå he dei ikkje lagt ned saka, Ålv på Lindefjell trur han fær det tee-

 

Så fekk dei nye lærar oppe i Lia som skje hjelpa dei å få det tee-

Han høyrde sikkert te den nye tida ingen treng å ha noen tvil om det-

Men ungan ville vistnok ikkje lya, dei sprang på dør og for kvar sin veg.

Inn i skåpet kraup di så å bia. Det va kje lett å kunna få det teee-

 

I bibelsoga stod for lite skrive, det va kje lett å kunna få det tee

Då var det best og denne boka hive og fortelja eventyr i nord og nee-

Om Peer Gynt, om Per og Pål og gubbar. Om troll og tull og skrot og skrull.

Ja, det er gjilt å høyra slike stubbar då er det lett å kunna få det tee-

 

Presten Moen laut til Oslo fara, på anna måte var kje å få tee-

Bernt Homme ville heller sentralisera, andre ville og vera med på det.

Jakob Kvinlaug han blei lei av heile greia og strauk av stad til USA

Han skjøna nok det hadde kome langt av leia. Ingen treng å ha noen tvil om det.

 

Det var fleire vers. og rekkefølgen er eg heller ikkje sikker på, men siste verset var i alle fal slik:

  

Eg og du me gjeng på skule seinste året, då er det vont å kunna få det tee-

Me fær heller riva litt i håret, då kan det henda at eit under skje.

Bruka tanken, vit og alle sansar, streva trutt og fya med.

Då til sisst me skal få æreskransar. Ingen treng å vera i tvil om det!

 

Eg kan ikkje innestå 100% for at tekstene er rektige, alt er etter minnet.

 

Det vart samanslåing, og i fyrste omgang trur eg det vart slik at borna frå Netland og nedover kom til Kvinlog skule.

(Læraren i Lia var bare student)

 

Helsing Tønnes T. Kvinlaug

Engedal 10. mars 2010

- Antall besøkende: 938879 - Online: 11 - Sist oppdatert: 09.06.2018 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart