AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
Det var den aller største fisken….
Publiseringsdato: 28.11.2009

I vår familie har følgende historie blitt fortalt utallige gonger, ikkje minst etter å ha tatt opp garn frå Engedalstjødna:
Min onkel, Aasmund, var ein ivrig fiskar og fiska mye i Engedalstjødna. Ei gong fekk han ein aure som vog ca 2 kilo. Det blei ivrig diskutert om den skulle kokast eller steikast, men det endte med at den blei lagt på frysen. Den var så stor at den ikkje fekk plass i ein pose, men dei brukte to posar som dei trekte over frå kvar si side.
Når så fisken blei tatt opp, tok onkel Torleif og delte den med øks på hoggestabben – og då viste deg seg at den ikkje var etande…
Tante Anne Tonnette hadde også tatt med noe av fisken til byen, men kom også til at den ikkje var etandes. Ho tok den derfor med til ei venninne og lurte på om hunden der ikkje kunne ha den?
Ei tid etter spurte ho venninna: ”kunne hunden ha fisken?”.
- Hunden nei! Arthur fekk den!
Så det ikkje engedølane kunne eta kunne byfolket ha!
I sommar blei det igjen sett ut garn i Engedalstjødna. Dei siste åra har det stort sett vore fiskar på ca 100 g som har vore fangsten – og det har blitt meir mat på pus enn på folk!
Eg kjørte ned for å hente fiskarane denne morgon, og Espen og Jonas viste fysst ein bitte liten fisk.
- Me fekk denne, sa dei.
Og mor trøsta med at sånn er det nok med fangsten her.
- Og så denne, sa han, og viste ein fisk på ca 300 g.
- Ikkje verst, sa mor og tenkte at dette var jo moro for dei.
- Ja og så fekk me denne, sa dei og gliste – og drog opp frå bøtta ein svær rugg som vog 3,1 kg! Det var mest ikkje plass i bøtta til fisken. Og inni fisken, nedi halsen, var det ein mindre fisk som det digre beistet heldt på å ete! Kanskje det var dette monsteret som åt opp all fisken i tjødna tenkte me.
Same kveld blei garna sett ut igjen, nå hadde fiskelysten blitt ordentlig vekka!
Og neste morgen fekk dei ein sværing til, denne vog 2,7 kg
Begge fiskane var etande, svært gode til og med.
Men om guttane fiske aldri så mye resten av sommeren – det kom ikkje fleire sværingar i garna våre.

Judith Kvelland Rogstad, Engedal

- Antall besøkende: 944474 - Online: 10 - Sist oppdatert: 09.06.2018 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart