AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
Til stuten med kyr
Publiseringsdato: 27.01.2010

Det gjekk rykter om at Emil i Solhommen hadde stut.
Dette var i 1946 og Emil budde på ”Snåje” på Røyland. Eg hadde fylt 6 år året før (27 des.) og skulle byrja på skulen til hausten.
Det var sommer og veret var fint.  Far og eg starta tidleg på føremiddagen etter at kyra var blitt molka og hadde fått høy, for ho kunne ikkje sleppast ut på beite saman med dei andre .Det skulle vera ein grei tur frå Engedal til Røyland sjølv for ein seksåring. I den tida var det ikkje asfalt på vegen så det skulle ikkje slita så veldig på klauvene til kyra. Det var brukande veg til Harbakk, litt dårlegare derfrå til Røyland.
Av og til laut me stogga og kvila litt og kyra fekk då riva av nokre grastuster i vegkanten.
Me hadde ikkje telefon i den tida, så no var det spennande om Emil var heime!
Då me runda husa til Teodor og Arvid og såg opp til ”Snåje”, var det likt til at Emil var heime.
Emil budde åleine, brukte snus og hadde klumpfot og gjekk med beksømsko heile året.
Dette vart fyrsteinntrykket for ein seksåring.
Emil løyste den vesle stuten han hadde og baska rundt kyra, att og fram nokre gonger utan resultat. Far og Emil fann ut at stutposen var visst litt for ung og var ikkje ”dugelig”
Det vart ein liten stopp og far min likte å slå av ein prat med Emil.
Han hadde høyrt at Ola Bore, som forpakta prestegarden på Fjotland ,skulle ha ein stut.
Me hadde til då gått 6-7 km, men det var ikkje anna råd enn at me laut gå vegen om Fjotland. Det gjekk ein snarveg frå Røyland i utmarka ned til Solhom. Denne vegen tok me, med kyra på slep. Det vart å gå nye ca 3 km om Sjoneskaret, forbi Vigebakken til Vije og vidare til prestegarden.
Heldigvis var Ola Bore heime og stuten var det visst ingen ting i vegen med kyra gjekk i allefall fornøgd vidare.
Så var det å leggja ut på ein ny vegstrekning. Nå fylgde me kyrkjevegen til Åsemonen og vidare til Norås. Nye ca 2,5 km vil eg tru. No kjende me alle at det ville vera godt med ein kvil.
Me bandt kyra så ho fekk eta og tok så inn til Margrete og Tollak Norås.
Far kjente desse godt og me vart godt mottekne. Margrete stelte mat og melk og kaffi og dette sette nytt mot i ein gutunge. Mor til far og Margrete var visst tremenninger så me var og komne til familie. Dei spurde etter kor gamal eg var, men eg var for ”unselig” til å svara.
Far sa: ”Han skal byrja på skulen til hausten” Dette tykte eg var ganske ”karsleg”
Praten gjekk ellers livleg, for i tillegg til husets folk var Guttorm Eftestøl der og laga nye vindu som vart setta in i mellomstua ut mot Fjotlandsvatnet.  Guttorm var då 85 år og han skrytte av at han ikkje trengde briller.
Etter denne kvilen med god mat bar det på heimveg
Eg var glad at det gjekk utforbakke ned Kvinlogkleivane. Frå Kvinlog til Engedal var det bare slette vegen. Men frå Norås til Engedal hadde me lagt nye 4,5 km bak oss, så i alt vart det ein tur på ca 17 km.
Ein slitsom og usikker tur for å få kalv i kyra.
I dag er det ”Stuten” sum kjem til gards nedfrosen i fine bilar.

Helsing Tønnes T. Kvinlaug Engedal

- Antall besøkende: 944472 - Online: 8 - Sist oppdatert: 09.06.2018 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart